Andrea Ehrig-Mitscherlich

(Omdirigert frå Andrea Mitscherlich)

Andrea Ehrig-Mitscherlich (fødd 1. desember 1960) er ein tysk tidlegare skeiseløpar frå Dresden som representerte Aust-Tyskland. Ho vart verdsmeister i firkamp 1983 og 1985, olympisk meister på 3000 meter i 1984 og femfaldig europameister: 1983 og 1985-88.

Andrea Ehrig-Mitscherlich


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 1. desember 1960 (63 år)
Dresden
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1976 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1980 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1980 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 1000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1976 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 5000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 1000 meter damer
Utmerkingar Fedrelandets fortjenstorden i gull, Stern der Völkerfreundschaft

15 år gamle Andrea Mitscherlich tok OL-sølv på 3 000 meter under Vinter-OL 1976 i Innsbruck, eitt hundredels sekund framom Lisbeth Korsmo på bronseplass og fire hundredels sekund bakom gullvinnar Tatjana Averina. I 1982 vart ho nummer to i firkamp-VM, klart slått av landskvinna Karin Enke. Året etter var rollene omsnudd og Mitscherlich vann både EM- og VM-tittel framom Enke. I OL-sesongen 1984 vart Enke verdsmeister att og Mitscherlich toar. Under vinterleikane 1984 i Sarajevo tok Mitscherlich sølvmedaljane på 1000 og 1500 meter, på begge distansane slått av Enke, før ho til sist vann olympisk gull på 3 000 meter, med halvt anna sekund betre tid enn sølvmedaljør Enke. Vinteren 1985 vart Mitscherlich europameister i Heerenveen og verdsmeister i Sarajevo, i Sarajevo var ho nesten tre tidspoeng framom nummer to i meisterskapen. Også under EM 1986 på Geithus vart Mitscherlich ein suveren vinnar. I verdsmeisterskapen 1986 i Haag måtte ho nøye seg med ein andreplass, atter slått av Karin Kania-Enke, eit utfall som gjentok seg i VM 1987 i West Allis i USA. Derimot tok Ehrig-Mitscherlich sin fjerde EM-tittel i Groningen i 1987 og sin femte på Kongsberg i 1988. I sitt fjerde og siste OL, Vinter-OL i Calgary, sanka ho to nye sølvmedaljar på høvesvis 3000 m og 5000 m og ein bronsemedalje på 1500 meter. Ho la deretter opp.

Kjelder

endre