Andreas Goldberger
Andreas Goldberger (fødd 29. november 1972) er ein tidlegare austerriksk skihoppar. Han var ein av dei mestvinnande skihopparane på 1990-talet. Han var òg ein av dei mest populære hopparane, ikkje minst på grunn av den sympatiske veremåten hans og den positive haldninga.
Andreas Goldberger | |
![]() | |
Fødd | 29. november 1972 (49 år) Ried im Innkreis |
Yrke | skihoppar |
Andreas Goldberger på Commons |
MerittarEndra
- Verdscup:
- Skiflyging
- OL 1994:
- To bronsemedaljar
- VM
- Eitt gull, to sølv, fire bronse
- Hoppveka
NarkotikaskandalenEndra
I 1997 innrømma Goldberger misbruk av kokain. Han blei utestengt av det austerrikske skiforbundet i seks månader. Goldberger vurderte å bytte forbund og konkurrere for Serbia, men han ombestemte seg, og blei verande i det austerrikske forbundet.
29. mai 2005 la Goldberger opp etter ei lang og innhaldsrik karriere, men er endå prøvehoppar i verdscuprenn i områda rundt Tyskland og Austerrike. Så seint som i 2008 var han godt med på notane som prøvehoppar, og var føre godt over halvparten av hopparane.
BakgrunnsstoffEndra
- Denne artikkelen bygger på «Andreas Goldberger» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2008.