Opna hovudmenyen

Andreas Hauge

norsk prest og politikar

Andreas Hauge (12. desember 181513. januar 1892) var ein norsk prest og salmebokutgjevar.[1]

Andreas Hauge
Fødd 12. desember 1815
Død

13. januar 1892

Yrke politikar, prest
Far Hans Nielsen Hauge
Born Hans Nilsen Hauge

Hauge var son til Hans Nielsen Hauge og Andrea Andresdatter Nyhus, og vart fødd i Oslo. Cand. theol 1839, skolemann, seinare sekretær i Det norske Misjonsselskap.

I 1863 gav han ut Psalmebog til Kirke- og Huus-Andagt, eit utkast til ei ny salmebok som med nokre endringar vart autorisert i 1873 (Hauges Salmebok).

Andreas Hauge var stortingsmann for Skien 1865-66.[2] Han vart utnemnt til riddar av St. Olavs Orden i 1875.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Vidar L. Haanes. «Andreas Hauge». Norsk biografisk leksikon. Henta 14. februar 2016. 
  2. Biografisk informasjon om Andreas Hauge NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv

BakgrunnsstoffEndra