Andreas Thorkildsen

Andreas Thorkildsen (fødd 1. april 1982 i Kristiansand) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar for Kristiansand IF. Han er særleg kjent for gode prestasjonar innan spydkast og er olympisk meister to gonger, i 2004 og 2008. Thorkildsen avslutta karrieren sin som profesjonell spydkastar i mai 2016.[1]

Andreas Thorkildsen
Andreas Thorkildsen 2008 cropped.jpg
Fødd 1. april 1982
Kristiansand
Yrke spydkaster, friidrettsutøvar
Andreas Thorkildsen på Commons
Andreas Thorkildsen i Helsingfors 2005.

ResultatEndra

Thorkildsen vann gullmedalje i spydkast under sommar-OL 2004, og for dette vart han tildelt Fearnleys olympiske ærespris i etterkant. Under VM i Helsingfors, Finland vann han sølv i 2005. Han har også juniorverdsrekorden i spyd med 83,87 meter, sett i 2001.

Han betra den norske rekorden fleire gonger i 2005, og sette personleg rekord med 89,60 i Monaco 10. september 2005. Seinare har Thorkildsen betra noregsrekorden fleire gonger, mellom anna ved å kaste 90,13 i Doha 12. mai 2006. Den gjeldande noregsrekorden sette han 2. juni 2006, då han kasta 91,59 meter under Bislett Games.

Etter å ha sett ny banerekord under DN-Gallaen i Stockholm 25. juli 2006 med eit kast på 89,78 meter, vart han premiert med ein diamant til om lag 75 000 kroner.

Under EM i friidrett 2006 vann han gull med 88,78 meter, etter å ha vore best i fem av seks omgangar.

I sommar-OL 2008 vann Thorkildsen spydkonkurransen med eit kast på 90,57 meter. Etter dette vart han tildelt Aftenpostens Gullmedalje.

AnnaEndra

Trenaren hans er Åsmund Martinsen.

Far til Thorkildsen, Tomm Thorkildsen, var også spydkastar og var den som introduserte sonen for idretten. Mora Bente tevla som friidrettsutøvar i Hamar Idrettslag1970-talet.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra