Andrej Abduvalijev

Andrej Khakimovitsj Abduvalijev[a] (fødd 30. juni 1966) er ein sovjetisk/tadsjikisk/usbekisk, tidlegare sleggjekastar, fødd i Leningrad. Han vart olympiameister i sleggekast under OL 1992 i Barcelona. Året etter vart han verdsmeister i øvinga, ein tittel han forsvarte i 1995. Hans personlege rekord er 83,46 m, oppnådd i Sotsji i 1990.

Andrej Abduvalijev
Statsborgarskap Tadsjikistan, Usbekistan, Sovjetunionen
Fødd 30. juni 1966 (57 år)
St. Petersburg
Yrke friidrettsutøvar, sleggekaster
Høgd 190 centimeter

Aktiv endre

Abduvalijev representerte Sovjetunionen fram til 1992. Etter dei ulike statane braut ut av unionen og denne vart oppløyst, representerte han Tadsjikistan fram til 1996. Frå 1997 gjekk han over til å representere Usbekistan. Både då han vann OL-gull i 1992 og dei to VM-gulla (1993 og 1995) hadde Abduvalijev hardast konkurranse frå Igor Astapkovitsj, som altså måtte nøye seg med tre sølvmedaljar frå dei nemnde meisterskapane.

I 1998 vart han asia-meister i sleggekast. Han deltok i Sommar-OL 2000, men vart utslått i kvalifiseringa.

Medaljar og plaserringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 1991 i Tokyo: Nr 5 (78,30 m)
  • OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje (82,54 m) framom Igor Astapkovitsj (81,96 m)
  • VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje (81,64 m) framom Igor Astapkovitsj (79,88 m)
  • VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje (81,56 m) framom Igor Astapkovitsj (81,10 m)
  • VM 1999 i Athen: Utslått i kvalifiseringa (nr 15 med 74,96 m)
  • Asia-meisterskapen 1998 i Fukuoka: Gullmedalje
  • VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa (nr 15 med 75,12 m)
  • OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (nr 15 med 75,64 m)

Merknadar endre

  1. Russisk skrift Андрей Хакимович Абдувалиев

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • (en) Andrej Abduvalijev – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.