Andrej Skvaruk (fødd 9. mars 1967) er ein ukrainsk tidlegare sleggjekastar som høyrde til mellom dei beste sleggjekastarane i verda eit tiårs tid fram til 2003. Han vann sølvmedaljen under VM i friidrett 1997 i Aten. Skvaruks personbeste på 82,62 meter er frå 2002-sesongen.

Andrej Skvaruk
Verkeleg namn Андрій богданович Скварук
Statsborgarskap Ukraina
Fødd 9. mars 1967 (57 år)
Sjnyriv
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

3. klasse av Ukrainas fortjenesteorden

Aktiv endre

Skvaruk kasta sleggja over 80 meter fyrste gongen i 1992, då han fekk målt 80,22 m. Året etter forbetra han sitt personbeste til 80,80 m og i 1994 ytterlegare til 81,72 m. Under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta vart han fjerdemann. Eitt år seinare vann han sølvmedaljen ved Friidretts-VM 1997 i Aten, tyske Heinz Weis kasta 32 cm lengre enn Skvaruk.

Sidan enda Skvaruk på femteplassen i VM 1999 i Sevilla, såvel som i VM 2001 i Edmonton og i EM 2002 i München. I 2001-sesongen sletta han med eit kast på 82,34 m sitt sju år gamle personbeste. Den 27. april 2002 i Kiev forbetra Skvaruk den personlege rekorden til 82,62 meter. Ved verdsmeisterskapen i Saint-Denis i 2003 vart Skvaruk nummer fire i sleggjeøvinga.

Han la opp i 2006.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre