Andrij Protsenko
Andrij Oleksijovytsj Protsenko (fødd 20. mai 1988) er ein ukrainsk friidrettsutøvar frå Kherson som vann sølvmedaljen i høgdehopp under europameisterskapen 2014. Åtte år seinare sikra han seg bronsemedaljen i øvinga ved så vel verdsmeisterskapen i Eugene som europameisterskapen i München. Protsenko sette personleg rekord med 2,40 meter i Lausanne den 3. juli 2014.
Andrij Protsenko | |
Statsborgarskap | Ukraina |
Fødd | 20. mai 1988 (36 år) Kherson |
Idrett | friidrett |
Tok del i | VM i friidrett 2009, VM i friidrett 2011, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2012, VM i friidrett innendørs 2014, EM i friidrett 2010, EM i friidrett 2012, EM i friidrett 2014, EM i friidrett innendørs 2015, Sommeruniversiaden 2013, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Høydehopp herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Høydehopp menn |
Utmerkingar | 3. klasse av Ukrainas fortjenstorden, Danylo Halytskyjs orden |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Andriy Protsenko» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2022.
- «Andriy Protsenko» (på engelsk). Olympedia. Henta 13. mars 2023.Denne idrettsartikkelen som har med Ukraina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.