Lilly og Lana Wachowski

(Omdirigert frå Andy Wachowski)

Lilly og Lana Wachowski er to polsk-amerikanske sysken og filmskaparar frå Chicago. Dei er mest kjende som hjernane bak filmen V for Vendetta og Matrix-trilogien. I tillegg til filmkarrieren har dei to også laga teikneseriar.

Lilly (då Andy) og Lana Wachowski i september 2012.
Foto: Anna Hanks

Begge Wachowski-syskena er transkvinner.[1] Lana Wachowski vart fødd som Laurence «Larry» Wachowski 21. juni 1965, og har gjennomført ein kjønsskifteoperasjon i vaksen alder. Ho snakka offentleg om kjønnsendringa i juli 2012, i ein video om den kreative prosessen bak Cloud Atlas.[2] Ho blei dermed den første kjende Hollywood-regissøren som stod fram som transkjønna.[1] Lilly Wachowski var fødd som Andrew Paul «Andy» Wachowski er fødd 29. desember 1967, to år etter Lana. Ho stod fram som transkvinne i mars 2016 med ei uttaling ti lWindy City Times etter at ein reporter frå Daily Mail hadde oppsøkt henne for å prøva å få eit intervju om saka.[3][4][5][6][7] Før overgangane var syskena mest kjend som «Wachowski-brørne».

Filmografi endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Sieczkowski, Cavan (30. juli 2012). «Larry Wachowski Transgender: 'Matrix' Director Reveals Transition To Lana Wachowski (VIDEO)». HuffPost. Arkivert frå originalen 9. august 2012. 
  2. Doty, Meriah (30. juli 2012). «'Cloud Atlas' directors reveal more than just back story». Yahoo! Movies. Arkivert frå originalen 3030. juli 2012. Henta 3030. juli 2012. 
  3. Abramovitch, Seth (March 8, 2016). «Second Wachowski Sibling Comes Out as Transgender». The Hollywood Reporter. Arkivert frå originalen March 9, 2016. Henta March 8, 2016. 
  4. Stedman, Alex (March 8, 2016). «Second Wachowski Sibling Comes Out as Transgender». Variety. Arkivert frå originalen March 9, 2016. Henta March 8, 2016. 
  5. Adams, Nick (March 8, 2016). «GLAAD responds to Lilly Wachowski's statement about her transition» (Press release). GLAAD. Arkivert frå originalen March 8, 2016. Henta March 8, 2016. 
  6. Baim, Tracy (March 8, 2016). «Second Wachowski filmmaker sibling comes out as trans». Windy City Times. Arkivert frå originalen March 9, 2016. Henta March 9, 2016. 
  7. Davies, Caroline; Sweney, Mark (9. mars 2016). «Film director Lilly Wachowski comes out as transgender woman». The Guardian (på engelsk). Henta 27. oktober 2018.