Anelija Nuneva (fødd 30. juni 1962) er ein bulgarsk tidligare friidrettsutøvar som i over ti års tid var mellom dei fremste sprintarane i Europa. Ho vann sølvmedaljen på 100 meter ved europameisterskapen 1986 og kom andreplass på 60 meter i tre hall-EM og eitt hall-VM.

Anelija Nuneva
Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 30. juni 1962 (61 år)
Byala
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Nuneva slo seg inn i verdseliten på sprintdistansane med ein fjerdeplass på 100 meter og ein sjetteplass på 200 m ved europameisterskapen 1982. Året etter fekk ho ein ny sjetteplass på 200 m då den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett fann stad i Helsinki. Høgdepunktet på friidrettsbana kom då ho sprang inn til sølv på 100 m i Friidretts-EM 1986, slått einast av verdsrekordhaldaren Marlies Göhr. Ved hall-VM 1987 i Indianapolis vart Nuneva nummer 2 på 60 meter etter Nelli Cooman. Den 16. august 1987 sette ho i Sofia landsrekord på 200 meter med fabelaktige 22,01 sekund, ein rekord som framleis gjeld (2021).

Seinsommaren 1988 sette Nuneva bulgarsk rekord på 100-meter med glimrande tida 10,85. I OL-finalen på distansen kom ho ut som ein rakett og fylgde favoritten Florence Griffith-Joyner til om lag 70 meter. Nuneva fekk då muskelstrekk i låret, dermed enda ho på sisteplass i feltet.

Under hall-EM 1992 i Genova sikra Nuneva seg si tredje sølvmedalje i 60-meterløp. Seinare same året vart ho nummer seks i finalen på 100 meter under Sommar-OL i Barcelona. Etter ein fjerdeplass på 100 m under Helsinki-EM 1994, tok Nunvea seg av den tredje etappen for det bulgarske laget som vann bronsen i 4 x 100 meter stafett i den same meisterskapen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1982 i Aten: Nr 4 på 100 m – 11,30, nr 6 på 200 m – 22,93. Nr 4 i 4 x 100 m stafett
  • VM 1983 i Helsinki: Nr 6 på 200 m – 22,68. Utslått i semifinalane på 100 m (11,31=nr 11)
  • EM 1986 i Stuttgart: Sølv på 100 m – 11,04, og sølv i 4 x 100 m stafett
  • VM 1987 i Roma: Nr 5 på 100 m – 11,09. Nr 4 i 4 x 100 m stafett
  • OL 1988 i Seoul: Nr 8 på 100 m – 11,49
  • OL 1992 i Barcelona: Nr 6 på 100 m – 11,10. Utslått i semifinalane på 200 m (nr 16)
  • EM 1994 i Helsinki: Nr 4 på 100 m – 11,40. Bronse i 4 x 100 m stafett

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre