Annette
kvinnenamn
(Omdirigert frå Anette)
Annette og Anette er kvinnenamn av fransk opphav. På fransk er siste e-en stum, og på norsk finst namna òg med stavemåten Annett og Anett.
Annette er ei kjæleform av Anne med tydinga 'vesle Anne'. Namnet kan òg vera ein variant av Antoinette.
Annette har svensk namnedag den 9. september og norsk namnedag den 9. desember.
Bruk
endreAnette var eitt av dei mest populære døypenamna i Noreg på 1980-talet.
Kjende namneberarar
endre- Anette Thommessen (1932-1994), norsk fagforeiningskvinne
- Annette Groth (f. 1952), norsk journalist og programleiar
- Anette Bøe (f. 1957), norsk langrennsløpar
- Annette Bening (f. 1958), amerikansk skodespelar
- Anette Hoff (f. 1961), norsk skodespelar
- Anette Sagen (f. 1985), norsk skihoppar
- Anette Trettebergstuen (f. 1981), norsk politikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anette» frå Wikipedia på bokmål, den 9. desember 2008.