Angela Voigt, fødd Schmalfeld, (18. mai 195111. april 2013) var ein tysk friidrettsutøvar frå Weferlingen i Sachsen-Anhalt som vart olympisk meister i lengdehopp i 1976. Ho tevla for Aust-Tyskland.

Angela Voigt

Angela Voigt under ein landskamp i Split 2. mai 1976
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 18. mai 1951
Weferlingen
Død

11. april 2013 (61 år)
Magdeburg

Yrke friidrettsutøvar
Språk tysk
Høgd 171 centimeter
Angela Voigt på Commons

Angela Schmalfeld satsa fyrst på mangekamp og vart i 1973 nummer to i den austtyske meisterskapen. Vedvarande skadeplager førte til at ho frå 1974 konsentrerte seg om lengdehopp. Ho vart nummer to i øvinga ved innandørs-EM i Göteborg våren 1974 og kom på fjerdeplass under EM i friidrett 1974 i Roma, tre centimeter unna bronsevinnaren.

Den 9. mai 1976 sette ho som Angela Voigt ny verdsrekord i lengdehopp med 6,92 meter under eit stemne i Dresden. I dei olympiske leikane i Montreal i juli månad tok ho i finalen leiinga med eit hopp på 6,72 m, noko som skulle vise seg å halde til gull. Etter å ha vorte mor i 1977 kom Voigt tilbake i 1978-sesongen og berga EM-sølv med eit hopp på 6,79 m i siste omgangen.

Voigt var aktiv til 1982, men makta ikkje å kvalifisere seg til korkje OL 1980 eller EM 1982.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Voigt døydde i Magdeburg etter kort tids sjukdom.

Kjelder endre