Angelica
kvinnenamn
Angelica eller Angelika er eit latinsk kvinnenamn som tyder 'som ein engel'. Det er ei hokjønnsform av angelicus, 'engleaktig', som igjen er avleia av angelus, «engel». Dette ordet har igjen gjeve namnet Angela.

Sjølvportrett av Angelika Kauffmann.
Angelica har gjeve opphav til det franske namnet Angélique og er i slekt med det danske namnet Engelke.
Kjende namneberararEndra
- Angelika Kauffmann (1741–1807), sveitsisk kunstnar
- Maud Angelica Behn (f. 2003), norsk kongeleg
Andre tydingarEndra
Angelica er ei slekt i skjermplantefamilien. Namnet på slekta kjem truleg frå kvann, som tidlegare blei kalla herba angelica, engleurten.
Angelica er òg namnet på ein søt, gul likør av baskisk opphav. Han er laga av kvitvin tilsett brennevin, og kan minna litt om portvin.
BakgrunnsstoffEndra
- Søk etter norsk namnestatistikk for Angelica hjå Statistisk Sentralbyrå
- Søk etter norsk namnestatistikk for Angelika hjå Statistisk Sentralbyrå