Angelsaksarar

(Omdirigert frå Angelsaksar)

Angelsaksarane viser til ei gruppe av germanske stammar, anglarane og saksarane frå Angeln (i dag Sør-Slesvig) og Sachsen (tilsvarar det noverande Niedersachsen) i dagens Nord-Tyskland, som tok herreveldet i England frå midten av 400-talet. Dei slo seg ned i England etter at romarane avskreiv England og trekte seg ut. Det er frå angelsaksarane at den moderne engelske nasjonen utvikla seg. Ordet «England» skriv seg frå «anglar-landet» (Englaland), og angelsaksarane tok med seg det gammalsaksiske/gammalnedertyske språket sitt, som utvikla seg til dagens engelsk.

Angelsaksisk miniatyr av kong Edgar mellom jomfru Maria og sankt Peter. Måleriet er frå Charter of New Minster frå Winchester, datert til 966.

Definisjon endre

 
Førstesida frå Peterborough-versjonen av Den angelsaksiske krønika.

Omgrepet «angelsaksisk» går tilbake til kong Alfred den stores tid. Han skal ha bruka titlane rex Anglorum Saxonum og rex Angul-Saxonum. Opphavet til dette er ikkje klart, men ein meiner at det kan stamme frå samanslåinga av dei forskjellige kongedøma i England under Alfred i 886.

Beda nemner i kyrkjehistoria si (b.I, kap. 15) at folka i dei nordlege kongedøma (East Anglia, Mercia, Northumbria med fleire) var anglarar, dei i Essex, Sussex og Wessex var nedstamma frå saksarar og dei i Kent og det sørlege Hampshire var nedstamma frå jydar. Andre tidlege forfattarar har ikkje eit slikt skilje, og korkje i språk eller skikkar er det nemneverdige forskjellar mellom anglarar og saksarar, mens etterkomarane til jydane i Kent stod i kontrast til dei. Vidare skreiv forfattarar frå Wessex regelmessig om nasjonen sin som ein del av Angelcyn, og omtalte språket sitt som Englisc, og kongefamilien i Wessex hevda å vera av same avstamming som den i Bernicia i Northumbria.

Det er mogleg at skiljet til Beda berre er dratt ut frå namna på rika (Essex - austsaksarar, Wessex - vestsaksarar osv.), men opphavleg har dei utvilsamt høyrt til ulike folkegrupper. På eit tidleg tidspunkt, moglegvis allereie før den saksiske hovudinvasjonen, hadde dei to gruppene vakse saman til ei.

Utanfor England var omgrepet Angli Saxones, som namn på éi folkegruppe, i bruk allereie eit hundreår før Alfred den store; Paul diakonen brukte omgrepet i eit av skriftene sine. Men det synast klart at han ikkje tenkjer på angelsaksarar som foreint gruppe der, men på saksarane i England i motsetnad til saksarane på kontinentet.

Invasjonane endre

 
Folkeslag i Storbritannia ca. 600 e.Kr.

I 410 mottok den vestromarske keisaren Honorius ei bøn om hjelp frå britane, som sleit med germanske og keltiske plyndringstokt. Keisaren svara at dei fekk «ordne opp i sine eigne saker», og dette året blir difor rekna som slutten på det romerske Britannia. I det makt-tomronet som oppstod kom anglarar og saksarar til øya, da særskilt til sør- og austkysten.

Den tidlegaste utviklinga kjenner ein berre gjennom segner, som er attgjeve mellom anna av Beda. Vortigern, kongen britane, som var vortne sjølvstyrte etter at romarane drog, skal ha gitt jyden Hengest området Thanet i Kent til odel og eige. Til gjengjeld skulle han støtte britane mot dei irske scotane og andre germanske stammer. Korleis anglarane og saksarane kom med i dette sambandet er ikkje klårt, men dei må ha gjort det på eit nokså tidleg tidspunkt. Motstanden mot anglarar og saksarar skal fyrst ha blitt leda av Ambrosius Aurelianus, og deretter av kong Arthur. I slaget ved Mons Badonicus skal han ha klart å stoppe invasjonane.

Omkring 590, ei tid kjeldene er meir pålitelege, var lagnaden til britane framleis uviss. Den keltiske kongen Urien av Rheged omlægra Lindisfarne, den best festa staden i kongeriket Bernicia. Andre keltarar hadde sigra i slaget ved Fethanleag (nord for Banbury i Oxfordshire). Urien blei drepen av ein rival, og med det fall den keltiske offensiven saman. Angelsaksarane, som nå syner seg som ei meir einsarta gruppe språkleg og kulturelt, fekk no kontroll over dagens England. Det walisiske namnet på England er Lloegyr, «dei tapte landa», noko ein del forskarar meiner kan ha samanheng med dette keltiske nederlaget.

Erobringsprosessen er gjerne kjent som den saksiske erobringa, men dette er eit upresist uttrykk. Andre stammer, som anglarane, jydane, frisarane og moglegvis frankarar tok del i hærtoget. Dei ulike stammane oppretta kongedømer, og det som har blitt kalla heptarkiet oppstod – ei kjerne av sju angelsaksiske kongerike som dominerte England: Mercia, Wessex, Anglia, Essex, Deira, Bernicia og Kent.

Lagnaden til det romersk-britiske folket er uviss. Gildas den vise skreiv at dei vart hogne ned omtrent til siste mann, kvinne og barn. Moderne historikarar meiner at dei stort sett overlevde, men at svært mange hamna i slaveri eller blei leiglendingar under anglarar og saksarar. På det tidspunktet der ein får nokolunde sikre kjelder står det klart at dei opphavlege britane berre var i Cornwall og Wales, og i Strathclyde i dagens Skottland. Andre legg vekt på at det var eit britisk folkegrunnlag i heile det sentrale England svært lenge, og at det vart snakka britiske språk sør i Wessex og Sussex langt opp i historisk tid.

Nye teoriar om invasjonane endre

I nyare tid har enkelte historikarar peika på at det ikkje finst arkeologiske prov som stør teorien om ein eller fleire større invasjonar. Difor meiner dei at det er snakk om ei meir gradvis innvandring, og at anglarar, saksarar og andre innvandrarar gradvis vart blanda med dei som budde der før. Studie av språk og genetisk oppbygging har ikkje ført til noko gjennombrot i forskinga, men stadig fleire vel å tru på ei gradvis samansmelting av fleire folk.

Språk endre

Angelsaksisk, som au er kalla gamalengelsk av di det er ein forløpar for moderne engelsk, er det språket snakka under Alfred den store og som heldt fram å vera fellesspråk i England til normannarane tok makta i 1066. Denne forma vart nytta i Wessex, og er somme tider kalla Vestsaksisk. Tekster som er skrivne i andre kongedøme i England på same tid eller før, skil seg frå vestsaksisk på ulike vis, slik at ein kan snakke om ei northumbrisk og ein mercisk dialekt. Desse skilnadene stør elles oppunder trua på at anglarar og saksarar ikkje tala same språk, eller ordla seg på same vis. Språket var morsmålet til Beda, og han skreiv på angelsaksisk og omsette fleire verk.

Det angelsaksiske språket var utvikla frå gammalsaksisk, og nærskyld nedertysk.

Språket ligg nærare tidlege germanske språk enn mellomengelsk; den største skilnaden er at det mellomengelske språket har tydelege innslag av latin og fransk. Det næraste skyldte språket til angelsaksisk er gamal frisisk. Ein reknar med at frisarane var på nær talefot med dei angelsaksiske kongedøma og nok tok del i hærtoget til Britannia.

Litteratur endre

For meir om dette emnet, sjå Angelsaksisk litteratur.
 
Fyrste side av Beowulf

Den angelsaksiske litteraturhistoria dekkjer tida frå midten av det 400-talet til 1066. Ein har døme på episk dikting, hagiografi, preiker, bibelomsetjingar, lovsamlingar, krøniker, gåter og anna. Omkring 400 manuskript frå perioden er teke vare på.

Blant dei mest kjende verka er det episke diktet Béowulf, som er rekna som eit nasjonalepos i Storbritannia, og Den angelsaksiske krønika som er eit svært viktig historisk dokument. Sistnemnde finst i fleire manuskript med innbyrdes skilnader. Skal ein løyse opp i feila dei ulike avskrivarane har gjort, er dette svært verdefullt. Den eldste skrivne teksta som er att, er eit dikt med namnet Hymn, frå det 7. hundreåret; eldre tekster finst berre i seinare kopiar.

Arkitektur endre

Det finst få døme att på angelsaksisk arkitektur. Minst femti kyrkjer er bygde angelsaksisk tid, og det kan vera fleire, men i dei fleste tilfella har seinare ombyggingar fjerna det meste av den opphavlege arkitekturen.

Ingen verdslege byggverk er att, men det er funne mange hustufter som gjer det mogleg å rekonstruere ein del.

Særmerkte trekk i angelsaksisk arkitektur er bruk av ujamn tegl og ekstremt tjukke vegger. Vindauga var normalt boga øvst, men kunne au vera firkanta eller trekanta. I dei tidlegaste kyrkjene finn ein mykje gjenbruk av romersk materiale.

Langt dei fleste bygningane var av tre, men berre i eitt einskild tilfelle, soknekyrkja i Greensted-juxta-Ongar, St. Andrew's Church, er dei opphavlege treveggene teke vare på. Materialet er eikeplankar laga ved at stammen er splitta med øks. Denne kyrkja er au omgjort; midtpartiet er den opphavlege angelsaksiske kyrkja, koret er frå normannisk tid og tårnet i vestenden er av moderne dato, men ein får likevel eit godt inntrykk av korleis ho opphavleg var.

Kunst endre

Angelsaksisk kunst er i liten grad kjend frå perioden før Alfred den store (871–899). Ho overlevde ei tid etter den normanniske invasjonen, fram til starten av det 1100-talet da romansk stil tok over som den rådande stilarten. Før Alfreds tid finn ein ein blandingsstil, kalla hiberno-saksisk kunst, som blandar angelsaksiske og keltiske element.

Dei fremste døma på angelsaksisk kunst finst i illuminerte manuskript. Blant dei mest viktige er St. Æthelwolds Benedictionale, Leofric-missalet og Harley-psalteret. St. Æthelwolds manuskript blandar hiberno-saksisk, karolingisk og byzantinsk stil, mens Harley-psalteret er ei etterlikning av det karolingiske Utrecht-psalteret. Harley-psalteret er i ein «reinare» angelsaksisk stil, kjent som Winchesterstilen.

 
Utsnitt frå Bayeux-teppet

Eit anna svært godt kjent døme er Bayeux-teppet. Dette er mest forbunde med normannarane, ettersom det syner Wilhelms erobring av England, men kunstnarane var angelsaksarar som arbeidde i sin eigen tradisjonelle stil. Dette reflekterer au stilen ein finn innan målarkunst. Det finst au nokre få bevarte døme på fresker, arbeider i elfenbein og stein, metallarbeide og emalje.

Religion endre

Angelsaksaranes opphavlege religion var germansk mytologi, med nær tilknyting til norrøn mytologi. Ein finn spor etter gudane deira i dei engelske namna på dagane, på same måte som ein finn det på norsk:

  • Tiw (Tyr), Tuesday (tysdag)
  • Woden (Odin), Wednesday (onsdag)
  • Þunor (Tor), Thursday (torsdag)
  • Frige (Frøya), Friday (fredag)

Kristendomen blei etablert i England allereie i romersk tid, og angelsaksarane kom raskt i kontakt med både romersk og keltisk kristendom. Den fyrste angelsaksaren som blei erkebiskop av Canterbury var Bertwald, som blei utnemnd i 693. Mange lèt seg etter kvart omvende, og i løpet av det 700- og 800-talet blei kristendomen den dominerande og etter kvart den einaste religionen blant angelsaksarane. Ettersom dei skrivekyndige fyrst og fremst var å finne blant munkar, blei lite av den gamle religionen verna om, slik at det i dag ikkje finst noko heilskapleg bilete av han. Blant dei klåraste referansane ein finn er lover der ulike heidne skikkar blir forbodne; dei blir da såpass godt skildra at ein kan danne seg eit bilete av dei.

Sjå au endre

Kjelder endre