Angoulême

Angoulême
Angouleme20050314Blorg.JPG
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nouvelle-Aquitaine
Charente
Geografi
Flatevidd
 - By

21,85 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

43 171
  1 976/km²
Koordinatar 45°39′00″N 00°09′37″EKoordinatar: 45°39′00″N 00°09′37″E
Høgd over havet 100 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.angouleme.fr

Angoulême er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Charente.

GeograpfiEndra

Angoulême ligg 134 km nordaust for Bordeaux langs jernbanen mellom Bordeaux og Poitier.

Sjølve byen ligg på ei høgd, med elva Charente nord for seg, og elva Anguienne i sør og vest. Dei viktigare forstadane ligg mot aust.

HistorieEndra

 
Cathédrale Saint-Pierre d'Angoulême

Angoulême (Iculisma eller Ecolisna, seinare Angoulesme) vart erobra av Clovis frå vestgotarane i 507, og plyndra av normannarane800-talet.

I 1360 vart han gjeve til engelskmenna etter Freden i Brétigny, men dei vart drive bort i 1373 av troppane til Karl V, som gav byen mange privilegium. Byen leid stort under hugenottkrigen, særleg i 1568 då han vart erobra av protestantar under Gaspard de Coligny.

Grevskapet Angoulême går tilbake til 800-talet, og den viktigaste av dei tidlege grevane var William Taillefer. Etterkomarane hans hadde denne tittelen til slutten av 1100-talet. Tittelen vart teke frå dei av Rikard Løvehjarta, og gjekk vidare til Kong Johan av England då han gifta seg med Isabel, dottera til grev Adhémar. I 1220 gifta ho seg med Hugo X, som gav det til Lusignan-familien, grevar av Marche. Då Hugo XIII døydde i 1302 gjekk eigedomane hans til krona. I 1394 gjekk grevskapet over til huset Orleans. Eit medlem av huset, Frans I vart konge av Frankrike i 1515, og heva graden til hertugdøme for mora Louise av Savoy. Hertugdømet, som høyrte til krona, vart så halde av Karl av Valois, son av Karl IX. Den siste hertugen var Louis-Antoine, den eldste sonen til Karl X, som døydde i 1844.

BakgrunnsstoffEndra