Anke Behmer, fødd Anke Vater, (fødd 5. juni 1961) er ein tysk friidrettsutøvar frå Stavenhagen i Mecklenburg-Vorpommern som repesenterte Aust-Tyskland og tevla internasjonalt i mangekamp. Ho vart europameister i sjukamp i 1986, og sikra seg bronsemedaljar i øvinga i VM 1983 og OL 1988.

Anke Behmer


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 5. juni 1961 (62 år)
Stavenhagen
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1988 Summer Olympics – women's heptathlon, 1983 World Championships in Athletics – women's heptathlon, 1987 World Championships in Athletics – women's heptathlon, 1982 European Athletics Championships – women's heptathlon, 1986 European Athletics Championships – women's heptathlon

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Anke Vater til venstre, saman med Sabine Paetz i 1983

Aktiv endre

I 1980 vann Anke Vater den fyrste meisterskapen i sjukamp i Aust-Tyskland. Ho kom på fjerdplass i sjukampen og forbetra seg både kva gjaldt poeng og plassering ved friidretts-EM 1983, då ho tok bronsemedaljen bak landskvinnene Ramona Neubert og Sabine Paetz. I 1984 boikotta Aust-Tyskland Sommar-OL 1984 i Los Angeles, så sjukampen vart då ei tevling utan dei austtyske favorittane.

Som Anke Behmer vann ho i 1986 gullmedaljen i europameisterskapen etter å han sanka 6 717 poeng. Året etter vart ho nummer fire i VM i Roma. I 1988 gjorde ho sin aller beste sjukamp og stoppa med 6 858 poeng, men måtte likevel nøye seg med bromsemedaljen, i ei tevling der Jackie Joyner-Kersee sette verdsrekord med heile 7 291 poeng, ein rekord som i 2016 framleis gjeld.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre