Ann Carlsson Korneev
Ann Margareta Carlsson Korneev (fødd 25. august 1961) er ein svensk biletkunstnar og bilethoggar som i hovudsak nyttar stein som materiale for sine skulpturar i eit abstrakt og forenkla geometrisk formspråk. Ho er representert med verk i mange offentlege samanhengar, mellom anna med eit verk i StenKunstHvaler, den permanent utandørs skulpturutstillinga på den sørlege luten av Røsshue på Kirkøy i Hvaler kommune i Noreg.
Ann Carlsson Korneev | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 25. august 1961 (63 år) |
Yrke | bilethoggar |
Ann Carlsson Korneev på Commons |
Ann Carlsson Korneev er utdanna i skulptur hjå Konstfackskolan i Stockholm i 1988-89, i målarkunst hjå Gerlesborgsskolan i Stockholm i 1986-88, i skulptur hjå Högskolan för design och konsthantverk i Göteborg i 1983-86, i arkitektur hjå Lunds Tekniska Högskola i 1982-83 og i fransk språk og litteratur hjå Université de Sorbonne i Paris i 1980-82.
Kjelder
endre- Om Ann Carlsson Korneev på Skulpturförbundets internettside Arkivert 2018-03-22 ved Wayback Machine.
- Offentlege verk av Ann Carlsson Korneev Arkivert 2018-09-10 ved Wayback Machine.