Opna hovudmenyen

Anna Carin Helena Cecilia Zidek (fødd 1. april 1973), også kjend som Anna Carin Olofsson, Anna Carin Olofsson Zidek og under namneforkortinga ACO, er ein svensk skiskyttar frå Sveg i Härjedalen. Ho vart olympisk meister på fellesstart under Vinter-OL i Torino i 2006.

Anna Carin Olofsson
Anna Carin Zidek 2006-04-22 001.jpg
Statsborgarskap Sverige
Fødd 1. april 1973
Sveg
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar

Anna Carin Olofsson deltok i OL i Salt Lake City i 2002 som langrennsløpar. Ho begynte seint med skiskyting, først i 2003, men etablerte seg så i verdstoppen. I VM i Hochfilzen i 2005 fekk ho sølv på fellesstarten, i verdscupen fekk ho sin første medalje same sesong med ein sølv frå Antholz (Anterselva).

I 2005/06-sesongen vann ho sitt første verdscuprenn, og i OL i Torino vann ho gull på fellesstart og sølv på sprinten. Zidek la opp som skiløpar i 2011.

Zidek bur i Lillhärdal i Härjedalen.

Innhaldsliste

MerittlisteEndra

Olympiske leikarEndra

 
Anna Carin Olofsson under OL i Torino i 2006.
  • 1 gull (fellesstart, Torino 2006), 1 sølv (sprint, Torino 2006)

VerdscupsigrarEndra

Individuelt (12) (Inkluderer OL)

Dato Stad Disiplin
7. december 2005   Hochfilzen Distanse
17. desember 2005   Osrblie Sprint
18. desember 2005   Osrblie Jaktstart
25. februar 2006   San Sicario Fellesstart (OL)
16. mars 2006   Kontiolax Sprint
18. mars 2006   Kontiolax Jaktstart
15. desember 2006   Hochfilzen Sprint
14. januar 2007   Ruhpolding Masstart
17. januar 2007   Pokljuka Sprint
11. desember 2009   Hochfilzen Sprint
13. januar 2010   Ruhpolding Sprint
1. desember 2010   Östersund Distans

StafettEndra

Dato Stad Disiplin
15. januar 2010   Ruhpolding Stafett
19. desember 2010   Pokljuka Mixstafett
6. januar 2011   Oberhof Stafett

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Anna Carin Olofsson