Anna av Russland

(Omdirigert frå Anna Ivanovna)

Anna I av Russland (7. februar 169328. oktober 1740) var regjerande tsarina av Russland frå 1730 til 1740.

Anna

Tsarina av Russland
Regjeringstid30. januar 1730–28. oktober 1740
Kroning28. april 1730
Fullt namnАнна Ивановна, Anna Ivanovna; Anna Ivanovna Romanova
Fødd7. februar 1693
FødestadMoskva
Død28. oktober 1740 (47 år)
DødsstadSt. Petersburg
GravstadPeter- og Pauluskatedralen
FøregangarPeter II
EtterfølgjarIvan VI
Gift medFriedrich Wilhelm Kettler
DynastiRomanov
FarIvan V av Russland
MorPraskovia Saltykova

Vegen til trona endre

Anna var dotter av Ivan V av Russland. Ho var òg niese til Peter den store. Han fekk henne gift med hertug Fredrik Vilhelm av Kurland i november 1710, men på heimreisa frå St. Petersburg i januar 1711 døydde mannen hennar av overeting. Anna fortsette å regjere som hertuginne av Kurland (no vestre Latvia) frå 1711 til 1730 med den russiske residenten, Peter Bestusjev, som rådgjevar. Ho gifta seg ikkje etter mannen hennar døydde, men fiendane hennar skulda henne for ein affære med grev Biron i mange år.

Tsarina endre

Då den russiske tsaren Peter 2. døydde, utnemnde Russlands høge råd under fyrst Dmitrij Galizine Anna til tsarina i 1730. Dei hadde håpa at ho ville føle seg i gjeld til adelen for den uventa lukka si og berre vere ei nikkedokke. I voner om å etablere eit konstitusjonelt monarki i Russland overtalte dei henne til å skrive under dokument som reduserte makta hennar. Men desse viste seg å berre vere små hindringar for henne, og snart hadde ho etablert seg som ein autokratisk herskar ved å bruke populariteten frå garden og lågadelen.

Anna mistrudde russiske adelsmenn, og heldt dei borte frå alle maktposisjonar. I staden gav ho dei til baltiske tyskarar. Ho hadde særleg tillit til Ernst Johann von Biron, som fekk stor tyding for utanrikspolitikken til Russland. Ho allierte Russland med den tysk-romerske keisar Karl VI, og gjorde kurfyrst Fredrik August II av Sachsen til konge av Polen etter den polske arvefølgjekrigen. I 1736 angrep ho Det osmanske riket, men Karl slutta separatfred med tyrkarane og tvinga Anna til å gjere det same. Styret hennar markerte byrjinga på den store territorielle ekspansjon til Russland inn i Sentral-Asia.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre