Opna hovudmenyen

Anna av Brandenburg

hertuginne av Schleswig-Holstein-Gottorp

Anna av Brandenburg (fødd 27. august 1487 på Berlin, død 3. mai 1514 i Kiel) var fyrste kona til Fredrik av Schleswig-Holstein-Gottorp, den seinare dansk-norske kongen Fredrik I.[1] Ho var dotter av kurfyrst Johan I av Brandenburg og Margrethe av Sachsen.

Anna av Brandenburg
Bordesholm Kenotaph Anna.jpg
Fødd 27. august 1487 (juliansk)
Berlin
Død

3. mai 1514 (juliansk)
Kiel

Yrke aristokrat
Anna av Brandenburg på Commons

Ekteskapet vart inngått i Stendal 10. april 1502.[2]Dei var i så nær slekt at dei måtte få paveleg dispensasjon for å inngå ekteskap.[1]

Anna og Fredrik fekk to born; Kristian i 1503 og Dorothea i 1504. Kristian vart seinare konge under namnet Kristian III og Dorothea blei gift med Albrecht av Preussen.

Anna vert ofte omtala som dronning av Danmark-Noreg, men Fredrik blei konge i 1523, ni år etter ho døydde. Ho blei gravlagd i klosterkyrkja i Bordesholm ved Husum. Det kjende Bordesholmaltaret av Hans Brüggemann vart tinga av Fredrik I som gravmæle for Anna. Frå 1666 har det vore i Schleswig domkyrkje, kor Fredrik I blei gravlagd i 1533.

Fredrik fekk òg tinga eit mausoleum i Bordesholm klosterkyrkje kor hans og hennes skikkelsar ligg støypt i bronse.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Anna af Brandenborg frå Dansk biografisk leksikon
  2. Frederik 1 frå Norsk biografisk leksikon

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Anna av Brandenburg