Opna hovudmenyen

Anne-Marie David

fransk songar

Anne Marie David (fødd 23. mai 1952) er ei songarinne og Eurovision-vinnar frå Arles i Sør-Frankrike.

Anne-Marie David
Annemariedavid.jpg
Fødd 23. mai 1952
Arles
Yrke songar
Anne-Marie David på Commons

KarriereEndra

David starta karrieren sin då ho flytte til Paris som attenåring og fekk roller i musikalar; m.a. spelte ho Maria Magdalena i Andrew Lloyd Webber sin Jesus Christ Superstar i 1972. Same året deltok ho i den franske versjonen av Melodi Grand Prix.

I 1973 vart det bestemt at David skulle representera Luxembourg i Eurovision Song Contest 1973, med songen Tu te reconnaîtras. Songen vann med 129 poeng, seks poeng framfor det britiske bidraget: Power To All Our Friends med Cliff Richard.

Etter dette budde ho ein periode i Tyrkia der ho jobba som musikar. Ho deltok i Eurovision Song Contest 1979, denne gongen for Frankrike med songen Je suis l'enfant soleil. Her enda ho på ein tredjeplass.

Anne-Marie David budde også i Noreg ein periode der ho virka som musikar.

KjeldeEndra