Anne Grimdalen

norsk bilethoggar

Anne Marie Grimdalen (fødd 1. november 1899 i Tokke, død 3. oktober 1961) var ein norsk bilethoggar. Ho arbeidde hovudsakleg med granitt, men også med bronse.

Anne Grimdalen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. november 1899
Skafså
Død

3. oktober 1961 (61 år)
Oslo

Yrke bilethoggar
Nettstad https://www.visittelemark.no/vest-telemark-museum/museum/grimdalstunet-p515263
Anne Grimdalen på Commons

Ho voks opp på fjellgarden Grimdalen i Skafså i Telemark, og budde og arbeidde seinare i den såkalla Kunstnardalen i Asker. Grimdalen studerte ved Statens handverk- og kunstindustriskule frå 1923 til 1926, ved Statens kunstakademi (1927–1929) under Wilhelm Rasmussen, og i København under Einar Utzon-Frank. Ho var på studiereiser til Italia (1933–34), Hellas (1935), Paris og Italia (1938) og London (1947). To av dei som inspirerte henne, var Henrik Sørensen og Otto Valstad. Ho debuterte på Statens kunstutstilling i 1928 med ei byste.

Grimdalen er spesielt kjend for dei mange dyreskulpturane sine, som er laga i ein enkel stil og ofte i granitt, som til dømes Gaupe (1928) og Bjørn (1933). Grunnen til at ho byrja å lage dyreskulpturar var eit bestillingsverk av bjørnungar frå Tilla og Otto Valstad i Asker. Ho bidrog også til utsmykkinga av Oslo rådhus,[1][2] etter overraskande å ha vunne utsmykkingskonkurransen i 1938.[3] Døme på bidraga hennar er Tømmerfløtere, Dyrefontene og den store ryttarstatuen av Harald Hardråde på vestveggen (1938-1950). Eit relieff av salmediktaren Magnus Brostrup Landstad (1951) er plassert utanfor Seljord kyrkje.

Ho er representert på Nasjonalgalleriet med Jenta på hesten av bronse frå 1931. Seinare arbeid er monumenta av Anders Hovden (1958, Ørsta), Audun Hugleiksson (1959, Jølster) og Håkon den Gode (1961, Fitjar). Om lag 40 av verka hennar er i offentleg eige. Anne Grimdalen hadde kunstnarløn frå staten frå 1959 og fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1950 for utsmykkingane sine ved Oslo Rådhus.

Verk endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Oslo rådhus» hjå Oslo kommune, Rådhusets forvaltningstjeneste
  2. Skildring av Grimdalstunet.
  3. «Anne (Marie) Grimdalen Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is» på Akershus.kulturnett.no.

Bakgrunnsstoff endre