Anne Holt
Anne Holt (fødd 16. november 1958) er ein norsk forfattar og advokat fødd i Larvik. Ho var justisminister i Thorbjørn Jagland si første regjering frå 25. november 1996 til 4. februar 1997, då ho måtte gå av pga. sjukdom. Anne Holt er utdanna cand.jur. ved Universitetet i Bergen i 1986. Ho var tilsett som programsekretær i NRK 1984–1988 og 1990–1991. I perioden 1988–1990 var ho politifullmektig ved Oslo politikammer. Holt debuterte som forfattar i 1993. Ho var president i Rivertonklubben 2001–2003. To av bøkene hennar er filmatiserte, Blind gudinne og Salige er de som tørster, begge i 1997. Regissør for begge filmane var Karl Jørgen Kiønig. Boka Død joker er dramatisert for radio.
Anne Holt | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. november 1958 (65 år) Larvik |
Yrke | krimforfatter, advokat, politikar, journalist |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Sjanger | detektivforteljing |
Far | Olav Holt |
Ektefelle | Tine Kjær |
Anne Holt på Commons |
Anne Holt er særleg kjend for dei realistiske politiromanane sine om den lesbiske politibetjenten Hanne Wilhelmsen. Ho vert rekna som ein av dei viktigaste forfattarane av feministisk kriminallitteratur i Noreg.
Utgjevingar
endre- Blind Gudinne – Kriminalroman (1993)
- Salige er de som tørster – Kriminalroman (1994)
- Demonens død – Kriminalroman(1995)
- Mea culpa – Roman (1997)
- Løvens gap – Kriminalroman (1997) (Saman med Berit Reiss-Andersen)
- I hjertet av VM – Fotballbok (1998)
- Død joker – Kriminalroman (1999)
- Bernhard Pinkertons store oppdrag – Barnebok (1999) (Saman med illustratøren Pjotr Sapegin)
- Uten ekko – Kriminalroman (2000) (Saman med Berit Reiss-Andersen)
- Det som er mitt – Kriminalroman (2001)
- Sannheten bortenfor – Kriminalroman (2003)
- Det som aldri skjer – Kriminalroman (2004)
- Presidentens valg – Spenningsroman (2006)
- 1222 – Kriminalroman (2007)
- Pengemannen – kriminalroman (2009)
- Mai-Britt, Mars-Britt og campingvogna – barnebok (2010). Illustrert av Anne G. Holt.
- Flimmer – kriminalroman (2010) saman med broren, Even Holt
- Mai-Britt, Mars-Britt og mopsen Muntermor – barnebok (2011). Illustrert av Anne G. Holt.
- Skyggedød – kriminalroman (2012)
- Sudden death – kriminalroman (2014) saman med Even Holt
- Offline – kriminalroman (2015)
- I støv og aske – kriminalroman (2016)
- Furet/værbitt – kriminalroman (2019)
- Mandela-effekten – kriminalroman (2020)
- Det ellevte manus – kriminalroman (2021)
Prisar
endre- Rivertonprisen 1994, for Salige er de som tørster
- Bokhandlerprisen 1995, for Demonens død
- Cappelenprisen 2001