Anne Marit Godal

norsk leksikonredaktør

Anne Marit Godal (fødd 20. november 1972) er ein norsk statsvitar, utdanna ved Universitetet i Oslo.

Anne Marit Godal

Fødd20. november 1972
NasjonalitetNoreg
Yrkestatsvitar, encyclopedist
Alma materUniversitetet i Oslo

I 2003 vart Godal dagleg leiar i litteraturorganisasjonen Leser søker bok. Frå januar 2011 til november 2016 var ho tilsett som dagleg leiar for prosjektet Norsk nettleksikon, seinare Foreininga Store norske leksikon, og som sjefredaktør for nettleksikonet Store norske leksikon, inkludert Norsk biografisk leksikon og Store medisinske leksikon. Då ho tok jobben sto leksikona i fare for nedlegging, men i hennar tid som sjefredaktør sikra ho den vidare finansieringa gjennom støtte frå statsbudsjettet og frå universiteta.[1] Frå 2017 til 2021 var Godal oppdragsutviklar ved vitensenteret Inspiria. I dag er Godal skribent, og var i 2018 redaktør for diktantologien Alt skal bli forandra snart. 100 norske dikt om fellesskap og kamp, i lag med Leif Høghaug.[2]

Godal har hatt ei rekkje verv i frivillige organisasjonar, som AUF, Framfylkingen, Arbeidarpartiet, Utøyaveteranane, Nei til EU, Norsk målungdom og Noregs mållag. Ho er folkevald i Fredrikstad (2019), nestleiar for Fredrikstad Arbeidarparti (2023) og leiar av Klima- og miljøutvalet i Østfold Arbeidarparti og Arbeidarrørslas kulturnettverk.

Godal er dotter til Sissel Rønbeck og Bjørn Tore Godal, og mor til Maika Marie Godal Dam.

Kjelder

endre
  1. «Har vært i dragkamp siden 2010 - nå er det klart at det overlever». Dagbladet.no (på norsk). 18. januar 2015. 
  2. «Politisk poesi har fått et oppsving etter 22. juli» (på norsk).