Anni Friesinger
Anna Christine Friesinger-Postma, kjend som Anni Friesinger, (fødd 11. januar 1977) er ein tysk tidlegare skeiseløpar frå Bad Reichenhall i Oberbayern. Perioden 2000-10 vart ho verdsmeister tre gongar i firkamp og ein gong i sprint, ho vann eitt individuelt OL-gull og to i lagtempo, og vart europameister fem gongar. Frå 1998 til 2009 sikra ho seg 11 individuelle triumfar i ulike distanse-VM, samt ein siger i lagtempo. Friesinger sanka seks medaljar i firkamp-VM, tre i sprint-VM, fem i olympiske leikar, seks i europameisterskap og 22 i distanse-VM, i alt 42 internasjonale medaljar.
Anni Friesinger | |
Statsborgarskap | Tyskland, Polen |
Fødd | 11. januar 1977 (47 år) Bad Reichenhall |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2006 – 1000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2002 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1998 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2006 – Lagtempo damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2010 – Lagtempo damer |
Utmerkingar | Oscarstatuetten |
Ho er sidan 2009 gift med nederlendaren Ids Postma.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anni Friesinger-Postma» frå Wikipedia på tysk, den 20. januar 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- «Anni Friesinger-Postma» (på engelsk). olympedia.org. Henta 13. februar 2023.