Annie Haslam

britisk songar

Annie Haslam (fødd 8. juni 1947) er ein engelsk vokalist, låtskrivar og målar. Ho er mest kjend som frontkvinne og songar i det progressive rockebandet Renaissance sidan 1971, og for den lange og varierte solokarrieren sin. Ho har ei vokalrekkjevidd som strekkjer seg over fem oktavar.[1] Frå 2002 har Haslam òg drive ein karriere som biletkunstnar og måla måleri, målte musikkinstrument og giclée-bilete.

Annie Haslam

Annie Haslam med Renaissance på North East Art Rock Festival (NEARfest) den 23. juni 2012
Fødd8. juni 1947 (76 år)
FødestadBolton
FødenamnAnne Haslam
OpphavBolton i Lancashire i England
AktivSidan 1971
SjangerProgressiv rock, pop, folk, klassisk
Instrumentvokal, perkusjon
Stemmetypesopran
Tilknytte artistarRenaissance, Nevada
PlateselskapWhite Dove
Sire Records
Warner Bros. Records
Epic Records
Virgin Records (Japan)
Voiceprint Records
Transatlantic Records
Cherry Red Records
Verka somSongar, målar, låtskrivar, arrangør

Biografi endre

Haslam studerte under operasongaren Sybil Knight i 1970.[2] I februar 1971 vart ho ny songar i Renaissance, etter å ha svart på ei annonse i det britiske magasinet Melody Maker og prøvesunge for bandet i Surrey.[3]

Med Renaissance var Haslam solovokalist på sju studioalbum i den klassiske perioden deira frå 1972 til 1979, og fire album etter 1981.[4] I 1977 byrja Haslam på ein solokarriere med albumet Annie in Wonderland, produsert av Roy Wood, som spelte dei fleste instrumenta på albumet. Ho har sidan gjeve ut åtte studioalbum, tre av dei på eige selskap. Haslam var trulova med Wood i fire år.[5] I 1991 vart ho gift med Marc I. Hoffman, som enda med skilsmisse.[6][7]

Solodiskografi endre

  • 1977: Annie in Wonderland
  • 1985: Still Life
  • 1989: Annie Haslam
  • 1994: Blessing in Disguise
  • 1995: Supper's Ready: (hyllestalbum til Genesis) (gjestevokalist)
  • 1995: Tales From Yesterday (hyllestalbum til Yes) (gjestevokalist)
  • 1998: Live Under Brazilian Skies
  • 1999: The Dawn of Ananda
  • 1999: Portraits of Bob Dylan av Steve Howe (album) (gjestevokalist)
  • 2000: It Snows in Heaven Too
  • 2002: One Enchanted Evening
  • 2005: Icon av John Wetton & Geoff Downes (album) (gjestevokalist)
  • 2006: Miles of Music av Bob Miles (gjestevokalist)
  • 2006: Live Studio Concert
  • 2006: Night and Day EP med Magenta skriven for Haslam av Rob Reed og Christina Booth
  • 2007: Woman Transcending
  • 2012: Songs of the Century: (hyllestalbum til Supertramp) (gjestevokalist)
  • 2014: 'Live' Studio Concert Philadelphia 1997 (Re-release)
  • 2017: Don't Give Up Single, duett med Jann Klose

Kjelder endre

  1. Snider, Charles (2007). The Strawberry Bricks Guide to Progressive Rock (1st ed.). Chicago: Strawberry Bricks. p. 207. ISBN 978-0-615-17566-9
  2. Romano, Will (2010). Mountains come out of the sky: an illustrated history of prog rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 132. ISBN 978-0-87930-991-6
  3. Tobler, John (1992). NME's Rock 'n' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 223. ISBN 978-0600576020. 
  4. Allmusic Renaissance discography. Henta 6. april 2020.
  5. «Annie Haslam Interview by Martin Kinch». cherryblossomclinic.110mb.com. Arkivert frå originalen 27. januar 2010. Henta 1. november 2009. 
  6. Gregory, Andy (Ed.) (2002). The International Who's Who in Popular Music 2002. London: Europa Publications. s. 222. ISBN 1857431618. 
  7. Shasho, Ray. «Exclusive Interview with Annie Haslam the Enchanting Songstress of Renaissance». Classic Rock Here and Now. Henta 6. april 2020. 

Bakgrunnsstoff endre