Ein anorakk (frå grønlandsk[1]) eller parkas (truleg opphavleg frå nenetsisk og russisk[2]) er ei vindtett jakke med hette og utan opning framme. Plagget er oppfunne av inuittar, som brukte det utandørs, til dømes når dei jakta eller reiste i kajakk. Anorakken vernar godt mot kulde på mange minusgrader, og blei fort teken i bruk av folk som vitja polarområda.

Inuitkvinne og barn med anorakkar.

Dei opphavlege anorakkane er laga av varmt skinn, til dømes frå sel, og fôra med pelsverk. Det blei regelmessig behandla med fiskeolje for å halda seg vasstett. Moderniserte anorakkar er laga av vasstett tøy, men har gjerne skinn rundt hettekanten for å verna fjeset mot kald vind.

Kjelder endre

  1. «anorak, n.». OED Online. Oxford University Press. 2021. 
  2. «parka, n.». OED Online. Oxford University Press. 2021.