Antarktispetrell

fugleart
Antarktispetrell
Antarktispetrell i flukt Foto: François Guerraz
Antarktispetrell i flukt
Foto: François Guerraz
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Antarktispetrell
Utbreiinga av Antarktispetrell
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Thalassoica
Art: Antarktispetrell T. antarctica
Vitskapleg namn
Thalassoica antarctica

Antarktispetrell, Thalassoica antarctica, er ein petrell i stormfuglfamilien som lever ved kystar og til havs, sirkumpolart nær eller på kysten av Antarktika, hekkar òg opptil 250 kilometer inne på kontinentet. Han er særs talrik med meir enn 10 millionar fuglar, og er mest vanleg i Rosshavet. Antarktispetrell er monotypisk i slekta Thalassoica, og ein medlem av den naturlege gruppa havhestar.

Denne arten har mørkebrunt hovud, rygg og frampart av overvenger og har eit mørkt endeband på en elles kvit hale. Undersida er kvit. Dette er ein kraftig bygd, mellomstor sjøfugl, ca. 45 cm i kroppslengd og 650 gram i kroppsmasse.[1]

Dei plukkar føda frå havoverflata, først og fremst kril, blekksprut og småfisk.[1]

Hekkekoloniane ligg på småøyar ved kysten i isfrie område, og inkluderer òg Shackleton Range og Theronfjella.[1] Egglegging skjer i perioden slutten av november til første dagar av desember, tida frå egglegging til ungen er flygedyktig er ca. 3 månader.

Verdspopulasjonen var estimert til mellom 10 og 20 millionar individ i 2004, og er stabil.[2] Av dette finst ca. 7,8 millionar innanfor Ross Dependency.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Heather og Robertson, 2005
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff endre