Antioquia-departementet

Antioquia er eit departement nordvest i Colombia som grensar til nabodepartementa Córdoba, Sucre, Bolívar, Santander, Boyacá, Caldas, Risaralda og Chocó. I nord ligg Atlanterhavet.[1]

Antioquia
Departement
Land  Colombia
Koordinatar 6°47′N 75°32′W / 6.783°N 75.533°W / 6.783; -75.533
Hovudstad Medellín
Areal 63 612 km²
Folketal 5 671 689  (2005)
Folketettleik 89 / km²
Grunnlagd 1826
Kart
Antioquia-departementet
6°41′00″N 75°34′00″W / 6.6833333333333°N 75.566666666667°W / 6.6833333333333; -75.566666666667
Wikimedia Commons: Antioquia Department
Nettstad: http://www.gobant.gov.co

Antioqia er ein av 32 delstatar i Colombia. Antioqia er den nest største delstaten med 5 682 000 innbyggjarar fordelt på 124 kommunar med 10 større bysenter.

Departementshovudstaden Medellín vart stifta 2. mars 1616 av Fransico de Herrera. Medellin ligg i Aburradalen omkring elva Medellin. I 2005 hadde byen 2,2 mill. innbyggjarar og vel 3,3 mill. innbyggjarar med forstader. Medellin er ein av Colombias største kulturelle sentera, med blomsterfestival i august, «Feria las flores», og tyrefektingsfestival i januar, «Feria Taurino».

Medellin har eit industrisentrum med ein del elektro- og tekstilindustri. Den årlege tekstilmessa Colombiatex vert arrangert i Medellin.

Medellin har 2 flyplassar som einaste byen i Colombia. Medellin har òg bygd ut t-bane (Metro) som dekker forstadene lenger nord og sør i Aburradalen. Denne er kopla med ein taubane opp ein av dei bratte fjellsidene (Metrocable).

Viktige naturressursar er olje og kol og dessutan jern, bauxitt, bly, platina, sølv og gull. Innanfor jordbruk vert det dyrka mykje kaffi og bananar. Nasjonalparken Las Orquídeas er ein stor attraksjon i departementet.

Kjelder endre

  1. «Antioquia, Colombia - South America» (på engelsk). colombia-sa.com. Henta 9. juni 2019. 
  • Denne artikkelen er ei omsetjing av samsvarande artikkel på Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2015, artikkelen der gav den gongen inga kjelde