Antoinette-Thèrèse Deshoulières
Antoinette-Thérèse Deshoulières (31. mai 1656–8. august 1718) var ein fransk diktar.
Antoinette-Thèrèse Deshoulières | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 31. mai 1659 Rocroi |
Død |
8. august 1718 (59 år) |
Yrke | lyrikar, skribent |
Medlem av | Galileiana Academy of Arts and Science |
Mor | Antoinette Des Houlières |
Ho var dotter av Antoinette Des Houlières, som også var forfattar. Deshoulières gav ut verka til mor si i lag med sine eigne i to band. Ho skreiv også La mort de Cochon, ein tragi-komedie i Corneille sin stil. Heltane i verket er Cochon, hunden til hertugen av Vivonne, og Grisette, katten til Antoinette des Houlières. Dette verket viser tilknytinga mora og dottera hadde til det franske hoffet.[1] Ho lærte litteratur av mor si, Corneille sjølv og av diktaren Benserade, som kalte henne «Fille d'une merveille et merveille elle-même» ('Dotter av eit under og eit under sjølv'). Ho var medlem av Accademia Galileiana/Académie des Ricovrati, som mor si.[2] Også lik mor si døydde ho av brystkreft. Ho er gravlagd ved Saint-Roch kyrkje i Paris.[3]
Verk
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Antoinette Thèrèse Deshoulières» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mai 2020.