Anton Konrad Beinset (fødd 7. januar 1894 på Beinset i Midsund, død 16. desember 1963) var ein norsk redaktør og forfattar. Han var medarbeidar i avisa Den 17de Mai frå 1916-27, redaktør av Fædrelandsvennen i Kristiansand 1928-32, redaktør av Tunsberg 1933-34, politisk medarbeidar i Dagbladet 1936-58.

Anton Beinset
Fødd 7. januar 1894
Død

16. desember 1963

Yrke redaktør, skribent

Beinset var radikal venstremann og brukte pennen flittig for å forsvare synet sitt.

BibliografiEndra

  • I 1924 gav han ut ei samling skisser som han kalla Bak kulissone, under pseudonymet Per Skrull.
  • I 1942 gav han ut boka "Utapå øya", seinare Døden går på bedehus (1945), På Naustloftet og Gamle-Uri (1962), som alle er bygdeskildringar frå hans eige heimemiljø på Otrøya i Midsund.

På Beinset i Midsund står framleis diktarstova hans «Naustloftet», nyleg restaurert av Midsund Slekt- og Historielag

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  • Midsund Gard og Slekt, bind I