Anton Carl Hartmann

Anton Carl Hartmann (6. mars 18031. september 1860) var ein tysk-norsk kjøpmann og stortingsmann, fødd i Flensburg og død i Kristiansand.

Anton Carl Hartmann
Fødd6. mars 1803
Død1. september 1860
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, forretningsdrivande

Hartmann innvandra til Noreg då han var 21 år gammal. Han byrja arbeide hos kjøpmann Josias Schmidt i Kristiansand. Etter Schmidt døydde, gifta Hartmann seg med enkja hans. Frå 1827 var Hartmann kjøpmann i byen til han døydde. Han var medlem i bystyret 1837-49 og 1855-58, ei tid ordførar i byen. Elles var han sjef for sparebanken og styremedlem 1842-60 i Noregs Bank si avdeling i Kristiansand.

Hartmann representerte valkrinsen Kristiansand på stortinget i 1854 og 1857, og på omframtstortinget i 1858. I 1854 og 1857 var han medlem i Næringskomiteen, i 1858 i komiteen om brennevinsavgifta.

KjelderEndra