Antonio Caldara

italiensk komponist

Antonio Caldara (fødd 1670 i Venezia, død 28. desember 1736 i Wien) var ein italiensk cellist og komponist. Han høyrde til den venetianske seinbarokken.

Antonio Caldara

Antonio Caldara
Fødd1670
FødestadVenezia i Italia
Død28. desember 1736 (66 år)
DødsstadWien i Austerrike
OpphavRepublikken Venezia
PeriodeBarokken
Aktiv1693-1735
InstrumentCello
Verka somKomponist

Caldara fekk den musikalske utdanninga si frå Giovanni Legrenzi i Venezia. Rundt 1716 vart han utnemnd til første visekapellmeister under Johann Joseph Fux ved det austerrikske hoffkapellet i Wien. Han skapte seg eit namn med sine over 3400 verk, mellom anna meir enn 80 operaer, 43 oratorium, 150 messer, serenadar, kantater og sinfoniaer. Musikken hans utmerker seg med ein stor melodirikdom.

Keisar Karl VI dirigerte sjølv nokre av operaene til visekapellmeisteren sin. Musikken var ei god blanding av italienske og tysk-austerrikske element og vart godt mottekne i Wien.

Verk endre

  • Op.1: 12 Suonate a tre (triosonatar). Venezia 1693
  • Op.2: 11 Suonate da camera a tre og ein chaconne. Venezia 1699
  • Talrike Sonate da camera a fiolino e violoncello (berre bevart i manuskriptform, komponert før 1710)
  • Fleire upubliserte solo- og triosonatar frå tida i Wien.
  • 17 cellosonatar og ein cellokonsert tileigna grev Schönborn (1735)
  • Fleire konsertante sinfoniaer
  • Sirita (opera)
  • Attalanta ovvero la costanza in amor., Braunschweig 1698
  • Weihnachtskantate for solostemmer og kammerorkester

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Notar