Antony Holborne

britisk komponist

Anthony Holborne (fødd kring 1545, død 29. november 1602 i London) var ein engelsk renessansekomponist av lutt-, cister- og consortmusikkElisabeth I si tid.

Antony Holborne
Føddca. 1545
FødestadEngland
Død29. november 1602
DødsstadEngland
OpphavKongeriket England
SjangerRenessansemusikk, kammermusikk
InstrumentLutt

Holborne studerte ved Cambridge University frå 1562 og vart teken opp i Inner Temple Court (ei samanslutning av juristar) i 1565.

Han nøyt stor respekt hos samtidige komponistar, til dømes tileigna John Dowland «I saw my lady weepe», den første songen i Second Booke til Holborne.

Cittarn Schoole frå 1597 er den første kjente boka hans, og 1599 kom Pavans, Galliards, Almains and other short Aeirs, both grave and light, in five parts, for Viols, Violins, recorders or other Musicall Winde Instruments. Samlinga inneheldt 65 av hans eigne komposisjonane og er den største bevarte samlinga i sitt slag. Dei fleste er pavane-galliard kombinasjonar, ein del allemander og resten er uklassifisert.

«The Fairie Round» frå denne samlinga er med på dei amerikanske romsondane Voyager 1 og Voyager 2 som vart sende opp i 1977.

BakgrunnsstoffEndra

NotarEndra

KjelderEndra