Antsiranana (kjend som Diégo-Suarez fram til 1975) er ein by heilt i nord på Madagaskar. Han ligg ved Antsiranana-bukta, ein av dei største djupvasshamnene i Indiahavet. Antsiranana er regionshovudstad for Diana-regionen. Han hadde eit berekna folketal på 115 015 i 2013.[1]

Antsiranana
by
Land  Madagaskar
Region Diana
Folketal 115 015  (2013)
Kart
Antsiranana
12°19′21″S 49°17′42″E / 12.322444444444°S 49.295°E / -12.322444444444; 49.295
Antsiranana på Madagaskar
Antsiranana på Madagaskar
Antsiranana på Madagaskar
Wikimedia Commons: Antsiranana

Bukta og byen hadde tidlegare namnet Diego Suarez etter Diogo Soares, ein portugisisk sjøfarar som kom hit i 1543.[2]

I 1880-åra ønskte Frankrike å overta området som ein kolstasjon for dampskip. Etter den første fransk-gassiske krigen, den 17. desember 1885, skreiv dronning Ranavalona III under på ein avtale som gav Frankrike protektorat over bukta, området rundt og øyane Nosy-Be og Ste. Marie de Madagascar.

Kolonien blei teken inn i den franske kolonien Madagaskar i 1896. Etter at Madagaskar fekk sjølvstende i 1960 fortsette Frankrike å bruka byen som militærbase fram til den sosialistiske revolusjonen i landet i 1973.

Kjelder endre

  1. Institut National de la Statistique, Antananarivo.
  2. Pierre Van Den Boogaerde, Shipwrecks of Madagascar, p.40

Bakgrunnsstoff endre