Anwar Sadat

egyptisk politikar
(Omdirigert frå Anwar el-Sadat)

Anwar Sadat (25. desember 19186. oktober 1981) var ein egyptisk offiser og politikar, og tok over som president av Egypt etter at Gamal Abdel Nasser døydde i 1970.

Anwar Sadat
Anwar Sadat cropped.jpg
Fødd25. desember 1918
Mit Abu al-Kum
Død6. oktober 1981 (62 år)
Statsborgar avEgypt
PartiDet nasjonaldemokratiske parti, Den arabiske sosialistunion
Yrkepolitikar, offiser
Utdanna vedEgypts militærakademi
MorSitt-Al-Barrein
FarMohammed Sadati
EktefelleEqbal Madi, Jehan Sadat
BarnRuqayya Sadat, راويه السادات, كاميليا السادات, لبنى السادات, نهى السادات, Jamal Sadat, چيهان انور السادات
MedlemDe frie offiserer
VervPresident av Egypt 1970-1981
FøregangarGamal Abdel Nasser
EtterfylgjarHosni Mubarak
Anwar Sadat ved Camp David i 1978
Begin, Carter og Sadat ved Camp David i 1978.

Egypt under Sadat og Syria starta Jom kippur-krigen mot Israel i 1973. Det overraskande åtaket gav den egyptiske hæren eit fotfeste på Sinai-halvøya, og gjorde Sadat til ein helt i Egypt og den arabiske verda. Medan Israel prøvde å driva dei ut att, innførte Tryggingsrådet i SN våpenkvile. Egypt og Israel gjekk deretter inn i forhandlingar som til slutt førte til at dei to landa anerkjende kvarandre og inngjekk fred. I 1977 reiste han sensasjonelt til Israel, som den første egyptiske leiaren. Sadat vitja Jerusalem og heldt tale for den israelske folkeforsamlinga Knesset. For fredsavtalen fekk Sadat og den israelske statsministeren, Menachem Begin, Nobels fredspris.

Sadat fjerna seg frå Nasser-politikken gjennom å innføra fleirpartisystem og økonomisk liberalisering, noko som opna for privat investering, men også førte til folkeoppstand då priskontrollen på brød vart oppheva i 1977. Under Sadat braut Egypt med Sovjetunionen og knytte seg tettare til USA. Landet, som tidlegare hadde vore sett på som ein leiar av arabarverda, blei ekskludert frå Den arabiske ligaen.

I februar 1981 fekk egyptiske styresmakter nyss om planar frå Al-Jihad eller Egyptisk islamsk jihad om å utføra ein islamistisk revolusjon i landet. I september det året gav Sadat ordre om å arrestera over 1&nbso;500 menneske, både medlemmer av Al-Jihad og koptiske leiarar, aktivistar og intellektuelle med ulik ideologisk bakgrunn.

Sadat vart drepen den 6. oktober 1981 under ein militærparade i Kairo til minne om sigeren i 1973. Fleire attentatsmenn kasta granatar og skaut mot plattforma han stod på. Elleve andre blei drepne i åtaket og tjueåtte blei skadde. Drapsmennene var leidd av Al-jihad medlemmen Khalid Islambouli.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Anwar Sadat