Aonach Mòr er eit fjell i Dei skotske høglanda i Skottland. Det ligg 3 km nordaust for Ben Nevis på sørsida av Glen Spean, nær byen Fort William. Nevis Range-skiområdet ligg på nordsida av dette fjellet.

Aonach Mòr
Stor rygg
Munro
Aonach Mòr frå Banavie
Land  Storbritannia
Fjellkjede Grampian Mountains
Topp Highland i Skottland
 - høgd 1 221 moh.
 - Primærfaktor 134 m
Kart
Aonach Mòr
56°48′47″N 4°57′42″W / 56.812932°N 4.961744°W / 56.812932; -4.961744
Wikimedia Commons: Aonach Mòr

Namnet Aonach Mòr indikerer at det er eit større fjell enn nabofjellet i sør, Aonach Beag ('liten rygg'). Aonach Mòr er derimot 13 meter lågare enn Aonach Beag, så namnet referer til volumet av fjellet når ein ser det frå dalen og ikkje høgda.

I samband med skisenteret går det ein gondolbane og fleire stolheisar og skitrekk oppover fjellet. I tillegg til skisport vert fjellet mykje nytta til utforsykling, og har fleire år vore vertskap for verdscupen, og i 2007 vart verdsmeisterskapen halden her.[1]

Kjelder endre

  1. «History», Nevis Range (på engelsk), henta 2. juli 2023 

56°48′45″N 4°57′42″W / 56.81240°N 4.96177°W / 56.81240; -4.96177