Aphra Behn (16401689) var ein engelsk spion og forfattar, kjend som ei av dei første kvinnene i Storbritannia som levde av å skriva. Behn skreiv stort sett skodespel, men verka hennar omfattar også dikt, noveller og romanar, der den best kjende er Oroonoko.

Aphra Behn

Pseudonym Astrea
Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 10. juli 1640
Canterbury
Død

16. april 1689 (48 år)
London

Yrke skodespelforfattar, omsetjar, lyrikar, skribent, romanforfattar, kvinnesaksforkjemper
Språk engelsk
Sjanger kjærleiksroman
Aphra Behn på Commons

Biografi endre

 
Skisse frå 1800-talet av eit tidlegare, tapt portrett av Behn.

Livet til Aphra Behn er dårleg dokumentert. Ho blei ganske sikkert fødd den 10. juli 1640 i Wye nær Canterbury i England, som dotter av barberen Bartholomew Johnson og Elizabeth Denham, og døypt den 14. desember som Eaffry Johnson. Namnet hennar er også blitt stava Eaffrey, Affara og Aphara, i tillegg til Aphra og kallenamnet Astrea.

I 1663 var ho truleg i ein engelsk koloni ved Surinam-elva på austkysten av dåverande Venezuela, seinare del av den nederlandske kolonien Surinam, og kan allereie då ha vore spion. Tilbake i Europa gifta ho seg med ein herr Behn, ein «Dutch» (nederlandsk eller tysk) kjøpmann som kan ha heitt Johan, men elles er ukjend, og forsvinn ut av soga etter få år. Nokre forskarar reknar mannen som eit påfunn av Aphra for å få ein meir respektabel status som enkje.

I 1666 blei Aphra Behn send til Nederland, som England låg i krig med, som spion av den engelske kongen, Charles II. Ho slo seg ned i Antwerpen og tok kontakt med William Scot, ein republikanar som kongen håpte kunne overtalast til å bli dobbelagent. Ho lukkast, og skal ha brukt kodenamna Astrea og Celedon om seg sjølv og Scot, etter ei av favorittbøkene hennar, Astrée av Honoré d'Urfé.

Det er usikkert om Behn fekk betaling for arbeidet sitt av kongen. I alle høve sette ho seg i gjeld for å koma tilbake til England i 1668, og hamna i gjeldsfengsel, men slapp ut i 1669 etter at ein ukjend kjelde betalte gjelda hennar.

Frå 1670 skreiv Aphra Behn for å livnæra seg, og det første skodespelet hennar, den romantiske komedien The Forc'd Marriage, kom ut i 1671 som ein suksess. Ho gav ut fleire skodespel og romanar, i tillegg til dikt og pamflettar. Behn sjølv var rekna som sjarmerande og generøs, og fekk ein stor vennekrets, samstundes som ho som einsleg kvinne fekk eit noko skandaleprega omdøme. Det at ho var kvinne blei også brukt mot henne av kritikarar, men Behn gav ofte svar på tiltale.

Faith, Sir, we are here today, and gone tomorrow.

The Rover del II, III.i
 

Behn døydde den 16. april 1689 og blei gravlagd i Westminster Abbey. Gravskrifta hennar lyd: «'Here lies a Proof that Wit can never be/Defence enough against Mortality».

Forfattarskap endre

 
Tittelbladet til Oroonoko frå 1688.

Aphra Behn skreiv 17 teaterstykke, 14 romanar og eit utal vers og omsetjingar.

Stykka til Behn er realistiske med islett av sentimentale kjensler, og legg vekt på det eksotiske og overraskande. Dei handla gjerne om kjærleik og tok ofte opp tvangsekteskap eller griske giftarmål. I seinare tider blei dei rekna som altfor vulgære, og blei sjeldan lesne eller studerte. Interessa har sidan teke seg opp, både fordi Behn var ein tidleg kvinneleg forfattar og fordi verka hennar er litterært og kulturelt interessante.

Det mest populære skodespelet til Behn i samtida av The Rover (to delar, utgjevne i 1677 og 1681), om ei gruppe engelske rojalistar i Spania under eksilet til den framtidige kong Charles II. Seinare har romanen Oroonoko, or, the History of the Royal Slave overskugga skodespela, ettersom han hadde stor innverknad på utviklinga av romansjangeren, og fordi han tek opp afrikanarar fanga og transporterte for ä bli slavar i Amerika.

Utgjevingar endre

Skodespel endre

  • The Forced Marriage (1670)
  • The Amorous Prince (1671)
  • The Dutch Lover (1673)
  • Abdelazer (1676), seinare tonesett av Henry Purcell
  • The Town Fop (1676)
  • The Rover, Part 1 (1677), Part 2 (1681)
  • Sir Patient Fancy (1678)
  • The Feigned Courtesans (1679)
  • The Young King (1679)
  • The False Count (1681)
  • The Roundheads (1681)
  • The City Heiress (1682)
  • Like Father, Like Son (1682)
  • The Lucky Chance (1686) med komponisten John Blow
  • The Emperor of the Moon (1687)

Framført posthumt

  • The Widdow Ranter (1689)
  • The Younger Brother (1696)

Romanar endre

  • The Fair Jilt
  • Agnes de Castro
  • Love-Letters Between a Nobleman and His Sister (1684)
  • Oroonoko (1688)

Forteljingar endre

  • The History of the Nun: or, the Fair Vow-Breaker (1688)
  • The Dumb Virgin: Or, The Force of Imagination (1700)

Dikt endre

  • Poems upon Several Occasions (1684)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Aphra Behn ved Wikisource.

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Aphra Behn