Rass (òg skrive Ar Rass, AlRass eller Al-Ras; arabisk الرس) er ein saudiarabisk by i Al Qassim-provinsen. Han ligg sørvest for Buraydah, hovudstaden i provinsen og nord for Riyadh, hovudstaden i landet.

Ar Rass
الرس
by
Land  Saudi-Arabia
Region Al Qassim-provinsen
Koordinatar 25°52′N 43°30′E / 25.867°N 43.500°E / 25.867; 43.500
Areal 60 km²
Folketal 133 000  (2010)
Folketettleik 4 200 / km²
Tidssone EAT (UTC+3)
Kart
Ar Rass
25°52′00″N 43°30′00″E / 25.866666666667°N 43.5°E / 25.866666666667; 43.5
Wikimedia Commons: Ar Rass

Han er den tredje største byen i Al Qassim-provinsen etter folketal og har kring 133 000 innbyggjarar (2010). Han har eit areal på kring 60 km². Rass tyder «ein gammal brunn» på arabisk, og vart nemnd i eit dikt av Hassan Bin Thabit, diktaren som var ein følgjesvein (sahaba) til Muhammed.[treng kjelde]

Byen har 19 offisielle under-guvernement, og er omgjeve av kring 200 landsbyar, og ein beduinsk busetnad, hovudsakleg på sør- og vestsida.

Stad endre

Rass ligg i Al Qassim-provinsen, sentralt i Saudi-Arabia. Han ligg nesten 400 km nord for Riyadh, 50 km vest for Unaizah, og kring 80 km sørvest for Buraydah, regionshovustaden. Byen ligg sør for Al Khabra, vest for Badaya'a, aust for Qasr Bin Okayel, og nord for Dakhnah.

Geografi endre

Rass har eit typisk terreng for Nejd, med sanddyner kring byen, utanom i vest og i sør, der det ligg beduinske busetnader. Wadi Al Rumma (Rummadalen) kryssar byen frå sørsida til nordaustsida. Det er fleire mellomhøge platå, og låge fjell kring byen, hovudsakleg i sør. Desse vert av lokale kalla Jebel Algoshie.

Klima endre

Rass har eit typisk ørkenklima, med kjølige vintrar og svært varme og tørre somrar. Middeltemperaturen om vinteren ligg mellom 8 og 21 °C. Juni til september er dei varmaste månadane og kan stundom nå opp mot 50ºC på det aller varmaste.

Idrett endre

Fotballaget i byen, Al Hazm spelar på det øvste nivået i landet.

Kjelder endre