Aralsjøen er ein endorheisk innsjø i Sentral-Asia. Han ligg mellom Kasakhstan i nord og Karakalpakstan, ein autonom region i Usbekistan, i sør. Namnet tyder om lag «Sjøen med øyane» og refererer til dei meir enn 1 500 øyane som er, eller var, i innsjøen.

Aralsjøen
kasakhisk Арал теңізі, Aral tengizi
usbekisk Orol dengizi
russisk Аральскοе мοре
tadsjikisk/persisk Daryocha-i Khorazm
innsjø
Innsjøtype Endorheisk
Tilsig Amu-Darja, Syr-Darja
Areal 17 160 km² (2 004),
28 687 km² (1 998)
68 000 km² (1 960) km²
Koordinatar 45°N 60°EKoordinatar: 45°N 60°E
Byar Aral
Kart
Aralsjøen
45° N 60° E
Kart over Aralsjøen frå om lag 1960. Landa som delvis ligg i nedslagsfeltet er merkt med gult.
Kart over Aralsjøen frå om lag 1960. Landa som delvis ligg i nedslagsfeltet er merkt med gult.
Kart over Aralsjøen frå om lag 1960. Landa som delvis ligg i nedslagsfeltet er merkt med gult.
Wikimedia Commons: Aral Sea

Sidan 1960-åra har Aralsjøen krympa sidan elvane som renn ut i han (Amu-Darja og Syr-Darja) i stor grad vart kanaliserte og nytta til kunstig vatning av Sovjetunionen. I 2007 var innsjøen berre 10 % av den opphavlege storleiken og saltinnhaldet hadde auka nesten fem gonger, noko som har tatt livet av det meste av det naturlege plante- og dyrelivet. Aralsjøen er òg kraftig forureina som følgje av våpentesting, industri og avrenning frå gjødsling.

Økologiske problem endre

 
Aralsjøen i 2009. Han hadde no krympa til godt under halve arealet han hadde hatt femti år tidlegare.

Det største økologiske problemet til innsjøen er endringane som vart gjort med elvane Amu-Darja og Syr-Darja for at dei skulle nyttast til kunstig vatning. Som følgje av dette har vassnivået i Aralsjøen minka dramatisk dei siste femti åra. Dette har ført til store økologiske og økonomiske problem for sjøen og området rundt. I tillegg har rå kloakk vorte dumpa direkte i innsjøen i løpet av dei siste førti åra, noko som har tatt livet av mange naturlege fiskeartar.

Historie endre

 
Aralsjøen sett frå rommet i august 1964
 
Aralsjøen sett frå rommet i august 1985

I 1918 avgjorde den russiske regjeringa at dei to elvane som renn ut i Aralsjøen, Amu-Darja i sør og Syr-Darja i nordaust, skulle nyttast til å vatne ørkenen rundt innsjøen, slik at ein kunne dyrke ris, melonar, korn og bomull. Dette vart til slutt ein realitet og i dag er Usbekistan ein av dei største eksportørane av bomull i verda.[1])

Utbygginga av kanalen starta på stor skala i 1940-åra. Mange av kanalane var dårleg bygd og vatnet lak ofte anten ut eller fordampa. Frå Qaraqumkanalen, den største i Sentral-Asia, gjekk kanskje 30–75 % av vatnet til spille. I dag er berre 12 % av den totale lengda til kanalane i Usbekistan vasstette.

I 1960 vart mellom 20 og 60 kubikkilometer med vatn ført til landområda rundt i staden for til Aralsjøen. Dermed byrja vassnivået i Aralsjøen å søkke. Frå 1961 til 1970 fall nivået med om lag 20 cm i året, men i 1970-åra vart dette nesten tredobla til 50–60 cm per år. I 1980-åra auka dette ytterlegare til 80–90 cm kvart år. Mengda av vatn som vart ført bort frå elvane dobla seg mellom 1960 og 2000 og samstundes dobla bomullsproduksjonen i same perioden.

Uttørkinga av innsjøen kom ikkje overraskande på sovjetarane, og dei hadde forventa at det skulle skje lenge før. Sovjetunionen rekna Aral for å vere «naturen sin feil» og ein sovjetisk ingeniør sa i 1968 at det var «opplagt at fordampinga frå Aralsjøen ikkje var mogeleg å unngå»[2]

Noverande situasjon endre

 
Samanlikning av Nord-Aralsjøen før (under) og etter (over) bygginga av Kokaraldiken.
 
Forlatne skip nær Aral i Kasakhstan
 
Ei tidlegare hamn i byen Aral
 
Animasjon av utviklinga til arealet av sjøen 1960–2014

Overflatearealet av Aralsjøen minka med om lag 60 % og volumet med heile 80 %. I 1960 var Aralsjøen den fjerde største innsjøen i verda med eit areal på om lag 68 000 km² og eit volum på 1 100 km³. I 1990 hadde arealet fall til 28 687 km² og var no den åttande største i verda. I same perioden hadde saliniteten endra seg med frå om lag 10 g/l til om lag 45 g/l. I 2004 var overflatearealet til Aralsjøen berre 17 160 km², 25 % av den opphavlege storleiken, og innsjøen held framleis på å tørke inn.

Nyleg vart det oppdaga at innsjøen fekk vatn frå undergrunnskjelder, men dette vil ikkje vere nok til å stoppe uttørkinga. Innstrøyminga på 4 milliardar kubikkmeter vatn kvart år er større enn tidlegare estimat. Dette grunnvatnet har opphavet sitt i fjella Pamir og Tian Shan og renn gjennom geologiske lag i ei brotsone på botn av Aralsjøen.

I 1987 vart innsjøen delt inn i to innsjøar. Nord-Aralsjøen (den minste av dei) og Sør-Aralsjøen (den største). Ein kunstig kanal vart greve ut mellom dei, men denne kanalen forsvann i 1999 då vassnivået framleis sokk. I 2003 vart Sør-Aralsjøen vidare delt inn i ein austleg og ein vestleg del. Fordampinga i den nordlege delen av Araljsjøen har i det siste delvis vorte reversert.

Det er starta prosjekt får å delvis gjenopprette vassnivået i Nord-Aralsjøen. Vatningsanlegga i Syr-Darja er reparert og gjort betre for å auke vasstraumen. I oktober 2003 annonserte den kasakhstanske regjeringa ein plan om å byggje ein betongdemning (Kokaraldiken) mellom dei to halvdelane av Aralsjøen. Demninga stod ferdig i august 2005 og sidan den gong har vassnivået i Nord-Aralsjøen stige og saliniteten har minka igjen. I 2006 vart det registrert at vassnviået auka raskare enn venta.[3] Vassnivået steig frå botnnivået på 30 m til 38 meter og vil truleg nå 42 meter som vert rekna som levedyktig.[4] Fiskebestanden har auka så pass at det er økonomisk å drive fangst på han igjen. I 2006 vart det eksport fisk frå Nord-Aralsjøen så langt bort som Ukraina. Det auka vassnivået førte òg til auke i regnskyer og påverka truleg mikroklimaet i området.[5] Sjøen låg ei stund 100 km frå den tidlegare hamnebyen Aralsk men er i dag berre 25 km unna. Det er planar om å byggje ein ny kanal for å knyte Aralsk til innsjøen igjen. Konstruksjonen skal byrje i 2009 og ein håpar at avstanden frå innsjøen til byen då berre skal vere 6 km. Ei ny demning, finansiert med eit lån til Kasakhstan frå Verdsbanken, vil òg starte i 2009.[6]

Sør-Aralsjøen, som ligg i det fattigare Usbekistan, har stort sett vorte overlate til seg sjølv. Prosjekta i nord har derimot gjeve håp for den sørlege delen òg. Ei sluse i diken vert stundom opna for å sleppe ut overskotsvatn i den nesten uttørka Sør-Aralsjøen.[7] Det har vore diskusjonar om ein skal byggje ein ny kanal mellom dei to delane av Aralsjøen[3], men mangel på politisk vilje har ikkje ført til noko meir så langt. Usbekistan har så langt ikkje hatt ønske om å gjere endringar i Amu-Darja, sidan ho gjev mykje vatn til bomullsproduksjonen, og har heller ytra at dei vil leite etter olje i dei opptørka områda i Sør-Aralsjøen.[8] Dei store saltslettene[9][10] som tidlegare dekte botn av innsjøen produserer i dag stundom støvstorm,[11] og har gjort vintrane kaldare og somrane varmare.[12] Ein har prøvd å dempe desse effektane med å plante vegetasjon på den tidlegare sjøbotnen. I Nord-Aralsjøen har det auka vassnivå delvis moderert desse effektane i enkelte område og om våren er det no igjen periodar med regn, som ein lenge var utan då vassnivået var lågare.[8]

Sommaren 2003 krympa Sør-Aralsjøen raskare enn venta. I dei djupaste delane av innsjøen er botnvatnet saltare enn det i toppen og det blandar seg ikkje. Dermed vert berre det øvre nivået av innsjøen oppvarma om sommaren og det fordampar raskare enn om vatnet hadde vorte meir blanda. Basert på nylege data kjem den vestlege delen av Sør-Aralsjøen til å forsvinne heilt innan 15 år, medan den austlege delen kanskje aldri heilt kjem til å forsvinne slik tilhøva er i dag.

Økosystemet i Aralsjøen og elvedeltaene som gav han vatn er neste øydelagd, ikkje minst på grunn av det høge saltinnhaldet. Dei store slettene som innsjøen har etterlate er dekte med salt og giftige kjemikaliar, som vert ført opp i lufta med vinden som giftig støv som spreier seg til dei omliggande områda. Området rundt Aralsjøen er kraftig forureina og folk som bur i området lid av mangel på ferskvatn og andre helseproblem, inkludert auka tilfelle av kreft og lungesjukdomar. Avlingar i regionen vert øydelagd av salt som fell ned på dei og jorda dei veks i. Byen Moynaq i Usbekistan hadde i travel hamn og ein fiskeindustri med om lag 60 000 tilsette. I dag ligg byen mange kilometer frå innsjøen. Fiskebåtane ligg spreidd rundt om på det tørre landet og mange har stått her i 20 år. Det einaste større fiskeselskapet igjen i området får fiske sin importert frå Austersjøen, som ligg tusenvis av kilometer unna.

Mogeleg løysingar endre

Mange forskjellige løysingar til dei forskjellige problema er foreslått gjennom åra. Av desse finn ein mellom anna:

  • Betre kvaliteten til vatningskanalane.
  • Byggje avsaltingsverk.
  • Gje bøndene avgifter for å nytte vatnet i elvane.
  • Nytte alternative bomullsartar som krev mindre vatn.
  • Nytte færre kjemikaliar på bomullen.
  • Omleie vatnet frå elvane Volga, Ob og Irtysj. Dette ville ha ført vassnivået i Aralsjøen tilbake til slik han var for 20-30 år sidan og koste 180-350 milliardar kroner.[13]

I januar 1994 signerte Kasakhstan, Usbekistan, Turkmenistan, Tadsjikistan og Kirgisistan ein avtale som forplikta dei til å gje 1 % av statsbudsjetta deira til å betre tilhøva i innsjøen. I 2006 førte lån frå Verdsbanken til prosjekt i Nord-Aralsjøen som gav uventa gode resultat.[14]

Biovåpenanlegg på Vozrozjdenija endre

For meir om dette emnet, sjå Vozrozjdenija.

I 1948 opna eit topphemmeleg sovjetisk laboratorium for biologiske våpen på øya Vozrozjdenija midt i Aralsjøen (i dag eit omstridd område mellom Kasakhastan og Usbekistan). Ein kjenner enno ikkje til den eksakte historia, funksjonane og den noverande statusen til anlegget. Anlegget vart forlate i 1992 etter oppløysinga av Sovjetunionen. Vitskaplege ekspedisjonar til øya viste at det hadde vore testa og seinare lagra biologiske våpen her. I 2002 organiserte forskarar frå USA og Usbekistan ein operasjon for å nøytralisere ti stader der det var gravlagd våpen med miltbrannsporer. I følgje kasakhstanske styresmakter vart alle nedgravingsstadene reinsa.[15]

Utviklinga av Aralsjøen endre

Ergasj Sjaismatov, visestatsminister i Usbekistan, annonserte i august 2006 at den usbekistanske regjeringa i lag med eit internasjonalt konsortium av det statseigde Uzbekneftegaz, LUKoil, Petronas, Korea National Oil Corporation og China National Petroleum Corporation hadde signert ein produksjonsavtale for å leite etter og utvikle olje- og gassfelt i Aralsjøen.[16]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. http://www.cotton.org/econ/cropinfo/cropdata/rankings.cfm
  2. Bissell, Tom. "Eternal Winter: Lessons of the Aral Sea Disaster". Harper's, april 2002, s. 41–56.
  3. 3,0 3,1 Aralsjøen vender tilbake, arkivert frå originalen 10. mars 2007, henta 10. mars 2007 
  4. Ilan Greenberg: As a Sea Rises, So Do Hopes for Fish, Jobs and Riches The New York Times, 6. april 2006 [1]
  5. Mirakuløs fangst i Nord-Aralsjøen
  6. [2] Arkivert 2008-08-30 ved Wayback Machine. slik at Nord-Aralsjøen kan utvidast til den tidlegare hamnebyen Heralsk."The return of the sea", Times Online, 23. juni 2007
  7. Redd eit hjørne av Aralsjøen
  8. 8,0 8,1 The return of the sea, Times Online, 23. juni 2007
  9. Godwin O. P. Obasi, Utfordringar og mogelegheiter i handsaming av vassressursar, Verdas meteorologiorganisasjon , 11. februar 2003
  10. Aralsjøen på Encyclopædia Britannica, 2007. Britannica Concise Encyclopedia. 5 feb. 2007
  11. Støvstorm i Aralsjøen Arkivert 2012-06-04 ved Wayback Machine., NASA Earth Observatory 30. juni 2001
  12. Phillip Whish-Wilson, Aralsjøen, ein miljømessig helserisiko, Journal of Rural and Remote Environmental Health, Vol. 1, No. 2 (2002)
  13. Ecoworld: RELEASE THE RIVERS Let the Volga & Ob Refill the Aral Sea
  14. BBC dokumentaren «A Witch's Brew», del 2, [3], program i mp3-format: [4]
  15. «Kazakhstan: Vozrozhdeniya Anthrax Burial Sites Destroyed» (HTML). Khabar Television/BBC Monitoring. 5. september 2006. Henta 5. september 2006. 
  16. Internasjonalt konsortium leitar etter olje i Uralsjøen ITAR-Tass

Litteratur endre

  • Micklin, Philip. The Aral Sea Disaster. Annual Review of Earth and Planetary Sciences. 2007. Volume 35, s. 47–72. http://arjournals.annualreviews.org/doi/pdf/10.1146/annurev.earth.35.031306.140120
  • Bissell, Tom. «Eternal Winter: Lessons of the Aral Sea Disaster». Harper's, April 2002, s. 41–56.
  • Bissell, Tom. «Chasing The Sea: Lost Among the Ghosts of Empire in Central Asia». Vintage Departures, October 2004.
  • Ellis, William S. «A Soviet Sea Lies Dying». National Geographic, February 1990, s. 73–93.
  • Ferguson, Rob. «The Devil and the Disappearing Sea». Vancouver, Canada: Raincoast Books,2003.
  • Glazovsky, Nikita F. 1995. "The Aral Sea Basin" in Kasperson, Jeanne, Roger Kasperson, and B.L. Turner, ed. Regions at Risk: Comparisons of Threatened Environments (New York: United Nations University Press, 1995) p. 92.
  • Bendhun F. og Renard Ph. (2004). «Indirect estimation of groundwater inflows into the Aral sea via a coupled water and salt mass balance model». Journal of Marine Systems 47: 35-50.  Samandrag på nett Arkivert 2008-02-14 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aralsjøen