Edderkoppar

edderkopporden
(Omdirigert frå Araneae)
«kingel» omdirigerer hit. For andre tydinga, sjå kingelvev.
Edderkoppar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Chelicerata
Klasse: Edderkoppdyr Arachnida
Orden: Edderkoppar Araneae
Clerck, 1757

Edderkoppar, kongroer eller kinglar (Araneae) er ei gruppe leddyr. Dei er ein orden i klassen edderkoppdyr (Arachnida). Over 35000 artar er skildra. Desse er fordelt på 110 familiar.

Araneus diadematus

Skildring endre

Storleiken til edderkoppar varierer frå få millimeter til over 25 centimeter. Dei tyngste blir opptil 150 gram. Dei fleste edderkoppane lever på land. Edderkoppar har åtte bein. Kroppen er delt i ein forkropp og ein bakkropp. Augene sit framme på sida av dyret, og det kan ha seks eller åtte av dei.

Hos mange artar er hoa større enn hannen, ofte mykje større. Det hender at hoa et hannen. Nokre artar har kompliserte paringsritual.

Nokre edderkoppartar spinn nett som dei fangar bytte i. Silken dyra brukar til dette, vert produsert i kjertlar i bakkroppen. Kvar art har sitt mønster på nettet. Andre driv snikjakt. Dei sit skjult til eit bytte dukkar opp. Når det skjer, fangar dei byttet raskt. Alle edderkoppar er giftige, men dei norske artane er ufarlege for menneske. Gifta vert produsert i kjertlar ved kjevane.

Utvikling endre

Edderkoppar oppstod i devontida, og har levd på jorda i nærare 400 millionar år. Dei finst over det meste av jorda, i ørken, i regnskog og i polare område.

Edderkoppar i Noreg endre

Det er registrert 562 edderkoppartar i Noreg. Dei fleste lever i skog og mark, men mange finst nær folk, som liten husedderkopp og stor husedderkopp.

Somme edderkoppfamiliar endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Edderkoppar