Aravis (fransk Chaîne des Aravis) er ei fjellkjede i Haute-Savoie, aust i Frankrike. Ho er ein del av Préalpes, ei lågare fjellkjede vest for hovudkjeda i Alpane. Den høgaste toppen er Pointe Percée på 2 752 meter. Ho har retning nord-sør, og strekkjer seg frå Cluses i nord til Ugine i sør. Bornes-massivet, stundom rekna som ein del av Aravis, ligg i vest. Mellom Aravis og Chablais-Alpane i nordaust ligg elva Arve, og mellom Aravis og Dei graiiske Alpane i søraust ligg elva Arly.

Aravis strekkjer seg frå sør til nord