Opna hovudmenyen

Arawak, også kalla maipuran, er ein språkfamilie i Sør-Amerika og Karibia. Opphavleg var Arawak namnet på ei mektig folkegruppe som levde i Guyana og Surinam. Stammen blei allierte med spanjolane fordi dei tradisjonelt var fiendar til karibiske grupper som var i krig med spanjolane. Arawakspråk var utbreidd over heile Karibia på 1200-talet, men seinare kom karibindianarar frå Venezuela og etablerte seg på dei mindre vestindiske øyane. I tida då spanjolane kom til Amerika var arawakfolk utbreidd i austre delar av Andes i Peru og Bolivia, gjennom Amazonasbassenget i Brasil, nord gjennom Guyana, Surinam og Venezuela og sør til Paraguay.

Arawak
Klassifisering: Makro-arawakisk ?
Vidare inndeling:
  • Nordleg
  • Sørleg
Område: Finst i heile Sør-Amerika (bortsett frå i Ecuador, Uruguay og Chile) til Sentral-Amerika og Karibia
Glottolog: araw1281

Arawak-Languages.png
Maipureanske språk i Sør-Amerika (Karibia og Sentral-Amerika er ikkje inkludert): Nord-maipuran (klar blå) og sør-maipuran (mørkeblå). Prikkar viser nolevande språk, medan skugga område viser tidlegare trulege utbreiingsområde.

Taíno, eit språk i familien, blei brukt på Cuba, Hispaniola, Puerto Rico, Jamaica og Bahamas med er truleg ikkje i bruk i dag. Arawakspråk vert nytta i Surinam i dag.

Liste over arawakspråkEndra

Språkfamilien blei klassifisert sist på 1800-talet. ISO-koden er 639-2 arn. Den interne struktureringa av familien er omstridd.

I tillegg finst 9 ikkje-klassifiserte arawakspråk.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra