Arbeidermuseet
59°55′51.254″N 10°45′20.603″E / 59.93090389°N 10.75572306°E
Arbeidermuseet ligg i Sagveien 28 på Sagene i Oslo og er ei avdeling av Oslo Museum. Museet syner industri- og arbeidarsoga frå dei tidlegare industriområda langsetter Akerselva i Oslo, som var eit særs viktig område for den byrjande industrialiseringa av Noreg i 1840-åra, med vatnet frå dei mange fossane nedetter Akerselva som kraftkjelda. Museet ligg sentralt til i dette området, der mykje av det gamle bygningsmiljøet er teke vare på, mellom anna bygningane til to store tekstilfabrikkar. Men til liks med desse to tekstilfabrikkane og dei andre fabrikkane i grannelaget til museet, er dei aller fleste industriverksemdene langs Akerselva vorte nedlagde og bygningane teke i bruk til andre føremål, eller rivne og erstatta med nybygg.
Arbeidermuseet opna i juni 2013, og er innreia i lokale som ligg i den såkalla Apotekergården. Dette huset er i pussa teglstein i to og ein halv etasje, bygd i 1869-70 for apotekar Nicolai Lindgaard.
Muset har òg til framsyning for publikum eit 21 rutemeter stort husvære innreia etter skikken frå om lag 1920 i ein tømmerbygning frå 1848 i Sagveien 8, som foreininga Oslo Byes Vel eig. Dette huset vart bygd som arbeidarbustader for dåverande Graahs spinneri like i nærleiken.
Fabrikkjentene
endreDei store tekstilfabrikkane som låg i nærleiken av det som no er Arbeidermuseet, sysselsette i si tid mange kvinner og jenter, og dette er eit av dei tema som Arbeidermuseet har teke for seg. Forfattaren Oskar Alexander Braaten (1881–1939), som budde på den andre sida av Akerselva i dette området, og skildra arbeidarmiljøet i Oslo i si samtid, er vidgjeten særleg for skildringane sine av livet til dei kvinnelege tekstilarbeidarane i veveria og spinneria i denne luten av byen.
Bakgrunnsstoff
endre- Internettsidene til Arbeidermuseet. Arkivert 2014-05-02 ved Wayback Machine.