Ardeh er ein landsby i Zgharta distrikt i Nord guvernement i Libanon. Ardeh er ein gammal og historisk by og vart på 1300-talet fvt. kalla Ardata.

Ardeh
by
Land  Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Zgharta distrikt
Høgd 150 moh.
Koordinatar 34°24′38″N 35°54′54″E / 34.410425°N 35.915066°E / 34.410425; 35.915066
Kart
Ardeh i Libanon
34°24′38″N 35°54′54″E / 34.410425°N 35.915066666667°E / 34.410425; 35.915066666667

Landsbyen ligg 84 km frå Beirut, 10 km frå Tripoli og 4 km frå Zgharta.

Det vart gjort utgravingar på ein ås nær Ardeh på 1970-talet, der ein fann fleire gjenstandar.

Folketal endre

I 1519 budde det 38 menn i ardeh (22 kristne og 16 muslimar) og i 1571 hadde talet auka til 62 menn (44 kristne og 18 muslimar). I 1849 budde det 139 menn fordelt på 44 hus. Tidleg på 1900-talet var det i Ardeh busett 150 maronittiske menn, 20 ortodokse menn og 15 muslimske menn. I folketeljinga i 1932 var det 147 hus i Ardeh.

I 1998 vart det registrert 2616 innbyggjarar i landsbyen.

Jordbruk endre

Innan jordbruket vert det dyrka oliven, appelsinar, druer, tobakk, frukt og grønsaker.

Kjelder endre