Arica (spansk: [aˈɾika]) er ein kommune og ein hamneby med ei folkesetnad på 222 619 i Arica-provinsen i Arica og Parinacota-regionen i Nord-Chile. Dette er den nordlegaste byen i Chile, og ligg berre 18 km sør for grensa til Peru. Byen er hovudstaden i både Arica-provinsen og Arica og Parinacota-regionen. Arica ligg i bukta kjent som Arica bøyg eller Arica alboge av Sør-Amerika sin stillehavskyst. To dalar som skjer ned gjennom landskapet frå Atacama-ørkenen møtast i Arica. Dalane har namna Azapa og Lluta. Desse dalane gir sitrus og oliven for eksport.[2]

Arica
Horisonten til Arica
Horisonten til Arica
Flagget til Arica Byvåpenet til Arica
Flagget til Arica Byvåpenet til Arica
Styresmakter
Land
Region
Chile
Arica og Parinacota-regionen
Geografi
Flatevidd 4 799 km²
Innbyggjarar 222 619 (2017)
Innbyggjarar
 - By (2017)

202 131[1]
Høgd over havet 2 m
Tidssone UTC-04:00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: https://www.muniarica.cl/
Nettstad: www.municipalidaddearica.cl

Arica er ei viktig hamn for ein stor innlandsregion i Sør-Amerika. Byen tener som ei frihamn for Bolivia og administrerer ein stor del av handelen i landet. I tillegg er den endestasjonen for den bolivianske oljerøyrleidningen som byrjar i Oruro i Bolivia.[2] Den strategiske posisjonen for byen blir forsterka ved å ligge ved den panamerikanske hovudvegen, å ha jernbanesamband med både Tacna i Peru og La Paz i Bolivia, og har dessutan ein internasjonal flyplass.

Det milde vêret har gjort Arica kjent som «(byen i den evige våren)» i Chile, medan strendene er vitja av folk frå Bolivia.[2] Byen var ei viktig hamn allereie under det spanske kolonistyret. Chile tok byen frå Peru i 1880 under Stillehavskrigen, og Peru anerkjente han som chilensk i 1929. Ein stor del av afrikanske chilenarar bur i eller sporar opphavet sitt til Arica.

Historie endre

Arkeologiske funn indikerer at Arica var folkesett av ulike urfolksgrupper som blir daterte 10 000 år tilbake i tid. Desse menneska er den første kjende som mumifiserte sine døde, 2000 år før egyptarane. Mumiane i Arica vart oppdaga så seint som i 2004. Dei var gravlagde mindre enn ein meter under overflata.[3]

Kolonitida endre

Dei første spanjolane busette landet under kaptein Lucas Martinez de Begazo i 1541, og i 1570 vart området kalla La Muy Ilustre y Real Ciudad San Marcos de Arica (den svært namngjetne og kongelege byen San Marcos av Arica). I 1545 var Arica den viktigaste eksporthamna for boliviansk sølv som kom ned frå Potosí, som då hadde den største sølvgruva i verda. Arica hadde dermed ei avgjerande rolle som ei av dei leiande hamnene i det spanske imperiet. Desse misunningsverdige rikdommane gjorde at Arica vart plyndra av piratar og sjørøvarar, blant dei Francis Drake.

Peruansk periode (1821–1880) endre

Etter samanbrotet av spansk styre i 1821, var Arica ein del av den nyleg uavhengige peruanske republikken. Den peruanske grunnlova av 1823 reknar den som ein provins i Arequipa-departementet. I 1855 innvigde Peru den 53 km lange Arica-Tacna-jernbanelinja, ei av dei første i Latin-Amerika. Jernbanelinja fungerer framleis i dag.

 
Jordskjelvet og tsunamien i 1868 øydela byen og la han i ruinar under det 139 meter høge berget Morro de Arica

Jordskjelvet 13. august 1868 ramma nærområdet av byen med ein estimert styrke på 8,0 til 9,0. Anslag på dødstala varierer sterkt, eit av estimata er 25 000.[4] Jordskjelvet utløyste ein tsunami, målbar over Stillehavet på Hawaii, Japan og New Zealand. Sidan Arica ligg veldig nær subduksjonssonen kjent som Peru-Chile-gropa, der Nazca-plata vert pressa under den søramerikanske plata, er byen utsett for jordskjelv med stor kraft.

Chileniseringsperiode (1880–1929) endre

 
Skildring av slaget ved Arica, 7. juni 1880

Chilenske styrkar okkuperte regionen etter stillehavskrigen. Ancón-traktaten i 1883 gav formelt regionen til chilensk styresmakter. Tacna-Arica-kompromisset frå 1929 i Lima-traktaten førte Tacna-regionen tilbake til Peru, men Arica heldt fram med å vere ein del av Chile.

Moderne Arica (1929 – i dag) endre

I 1958 etablerte den chilenske regjeringa Junta de Adelanto de Arica (utviklingsstyret for Arica), som kunngjorde mange skatteinsentiv for etablering av industriar, som køyretøymonteringsanlegg, ei skattefri sone og eit kasino, mellom anna.[5] Mange bilprodusentar opna fabrikkar i Arica, som Citroën, Peugeot, Volvo, Ford og General Motors, som produserte Chevrolet LUV pickup til 2008.

I følgje Chile sin nye opne økonomipolitikk frå 1975, vart utviklingsstyret avskaffa.

Arica og Parinacota-regionen vart oppretta 8. oktober 2007 under lov 20.175, kunngjort 23. mars 2007, av president Michelle Bachelet i byen Arica.

Avfallsdeponi endre

I 2021 sa menneskerettsekspertar i SN at dei var djupt uroa over den kontinuerlege øydeleggjande effekta på Arica frå eit avfallsdeponi lagd for nesten 40 år sidan. I 1984-1985 dumpa det svenske selskapet Boliden Mineral AB nesten 20 000 tonn giftig avfall med høge konsentrasjonar av arsen, kvikksølv, kadmium og bly utanfor Arica. Boliden betalte eit lokalt selskap, Promel Ltda., tilsvarande 1,2 millionar dollar (3,15 millionar dollar i 2021-dollar) for å ta i mot, handsame og avgrense verknader frå avfallet.[6] Avfallet med høgt innhald av arsen som er lagra utandørs, ureinar naturen og utgjer ein helse- og tryggingsrisiko inkludert for drikkevassystem. I 2013 starta 796 innbyggjarar i Arica, inkludert menneskerettsforkjemparar, rettslege steg i Sverige mot Boliden. Lagmannsretten i Nord-Norrland meinte at krava frå offera var forelda, og den svenske høgsteretten avslo å handsame saka.[7]

Kjelder endre

Referanar
  1. 1,0 1,1 http://geoine-ine-chile.opendata.arcgis.com/pages/publicaciones.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Arica Chile». Britannica. 5 July 2018. Henta 1 September 2022. 
  3. Riumalló, Juan Francisco (20 May 2020). «The ancient mummies older than Egypt's». BBC. Henta 1 September 2022. 
  4. «The 1868 Arica Tsunami». Arkivert frå originalen 25 May 2011. Henta 18 December 2022. 
  5. «Biblioteca del Congreso Nacional | Ley Chile». 
  6. Sweden, Sveriges Television AB, Stockholm, Blybarnen (på svensk), henta 29. august 2021 
  7. "Chile: Nearly 40 years on, still no remedy for victims of Swedish toxic waste – UN experts", 2021. UN Human Rights Office

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Arica