Arkitekten Henrik Bull

norsk arkitekt

Henrik Bull (28. mars 18642. juni 1953) var ein norsk arkitekt fødd i Oslo. Byggjestilen hans var påverka av jugendstilen men hadde òg nasjonalromantiske trekk. Bull var «landets fremste arkitekt» i tiåra kring 1900.[1]

Arkitekten Henrik Bull

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mars 1864
Christiania
Død

2. juni 1953 (89 år)
Oslo

Yrke arkitekt
Far Georg Andreas Bull
Mor Emilie Constance Hjelm
Ektefelle Mette Bull
Arkitekten Henrik Bull på Commons

Bakgrunn og familie

endre

Henrik Bull var fødd i Christiania som son av stadskonduktøren og arkitekten Georg Andreas Bull (1829–1917) og Emilie Constance Hjelm (1832–1926).[1]

Han var utdanna ved Kristiania tekniske skole og Den kongelige Tegneskole før han fullførte arkitektstudiane sine med tre år ved Königliche Technische Hochschule i Berlin.

Han gifta seg i 1905 med skodespelaren Mette Marie Berntsen.[2]

Karriere

endre
 
Nationaltheatret i Oslo, oppført 1891–99, er teikna av Henrik Bull.
Foto: Chris Nyborg

Bull gjorde seg først kjend som kyrkjearkitekt. Han stod for Pauluskyrkja på Grünerløkka og den nye kyrkja i Uvdal. Seinare fekk han dei ærefulle oppdraga å teikna Nationaltheatret, Historisk Museum og Regjeringsbygget, som i dag husar Finansdepartementet. For Regjeringsbygningen fekk han Houens fonds diplom.

Henrik Bull var også formgjevar. Han gav mellom anna form til Lohengrin sjokolade.[3] Han utforma også møblar, og fekk gullmedalje for desse på Verdsutstillinga i Paris i 1900.[2]

Frå 1908 var Bull lærar ved Den kgl. Tegneskole, seinare Statens håndverks- og kunstindustriskole.[2] Frå 1912 til 1934 var han direktør same staden.[3] I 1914 var han bygningssjef for Norges Jubilæumsutstilling i Kristiania.[2]

Han var også aktiv innan kulturminnevern.[3] Etter å ha blitt pensjonert utførte han ei rekkje oppmålingar for Forening til norske Fortidsminners Bevaring.[2]

Bygningar

endre

Bull teikna blant anna følgjande bygningar i Oslo (i kronologisk rekkefølgje etter oppføringsår):

Andre stader

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Indahl, Trond (28. september 2014). «Henrik Bull - 1». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Malling, Julius (20. februar 2017). «Henrik Bull». Norsk kunstnerleksikon (på norsk). 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Henrik Bull». Store norske leksikon (på norsk). 20. november 2017. 
  4. Jo Sellæg (rådgiver i bygningsvern) (23. januar 2014). «DRAMMEN KOMMUNE Kulturminnevurdering for område: Sentrum» (PDF). Drammen kommune. Arkivert frå originalen (PDF) 19. februar 2017. Henta 18. februar 2017. «Adresse: Tollbugata 97 / Gnr.: 111 / Bnr.: 635 / Betegnelse: Lunds hus / Bygningsnr.: 158459183 / Opprinnelig formål: bolig / Sd 183 1870 R H H H M H H S H M S A / Byggherre: Kjerulf, sagbrukseier / Tilleggsopplysninger og kommentarer: Luksusutgave av "Drammenshus". Sjeldent vakre/dekorerte interiører i 4 stuer. Port, inngangsparti mot vest og spisestue v/ark H Bull for ordfører Lund ca. 1905.» 

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre