Arne Åhman
Arne Per Åhman (4. februar 1925–5. juli 2022) var ein svensk friidrettsutøvar frå Nordingrå. Han er mest kjend som tresteghoppar, men tevla også i høgdehopp og lengdehopp. Åhman vart olympisk meister i tresteghopp i 1948. Han vann elles EM-bronse i same øvinga i 1946, og EM-sølv i høgdehopp i 1950.
Arne Åhman | |
![]() | |
Fødd | 4. februar 1925 Nordingrå |
Død | |
Yrke | friidrettsutøvar |
AktivEndra
Åhman vart svensk meister i tresteghopp i 1946 med eit hopp på 15,10 meter. Same sesongen deltok han i europameisterskapen i friidrett i Oslo og tok bronsemedaljen med resultatet 14,96 m. Også i 1947 vart han svensk meister i tresteghopp med sterke 15, 26 m.
Under OL 1948 i London vart han olympisk meister i tresteghopp. Rekkefylgja for deltakarane vart ordna etter alfabetet, Åhman vart til Aahman på engelsk og han fekk såleis hoppe fyrst. Han sette ny svensk rekord i fyrstehoppet med 15,40 m. Etter kvart vart tilløpsbana i stendig dårlegare stand, og ingen av dei andre hopparane klarde å slå Åhmans lengde, så gullmedaljen vart hans.
I 1950 vart Åhman svensk meister i høgdehopp med 1,93 m. Same høgda klarde han også under friidretts-EM i Brussel, noko som gav han sølvmedaljen. I same europameisterskapen kom han elles på femteplass i tresteg-tevlinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra
- EM 1946 i Oslo: Bronsemedalje i tresteghopp – 14,96 m
- OL 1948 i London: Gullmedalje i tresteghopp – 15,40 m, framom George Avery (15,36)
- EM 1950 i Brussel: Sølvmedalje i høgdehopp – 1,93 m, bakom Alan Paterson (1,96 m), samt nr 5 i tresteghopp – 14,48 m
- OL 1952 i Helsingfors: Nr 15 i tresteghopp – 14,05 m
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Arne Åhman» frå Wikipedia på svensk, den 3. august 2014.