Opna hovudmenyen

Arne Friedrich

tysk fotballspelar

Arne Friedrich (fødd 29. mai 1979 i Bad Oeynhausen i Nordrhein-Westfalen) er ein tysk fotballspelar, som spelar for Wolfsburg i tysk Bundesliga, og for det tyske landslaget. Han spelte i åtte år, frå 2002 til 2010, for Hertha Berlin.

Arne Friedrich
Arne Friedrich, April 2012.png
Personleg informasjon
Fullt namn Arne Friedrich
Fødd 29. mai 1979
Fødestad Bad Oeynhausen
Høgd 185 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Wolfsburg
Nummer 3
Ungdomsklubbar
-1955-87
1987-92
1992-95
1995-99
Tyskland Bad Oeynhausen
Tyskland TuS Lohe
Tyskland Herford
Tyskland Gütersloh
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2000
2000-02
2002-10
2010-
Tyskland Verl
Tyskland Arminia Bielefeld
Tyskland Hertha Berlin
Tyskland Wolfsburg
31 (0)
47 (1)
231 (14)
0 (0)
Landslag
2000-01
2002-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
5 (0)
79 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. juli 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 10. juli 2010

Friedrich debuterte for Tyskland sitt A-landslag 21. august 2002, i ein kamp mot Bulgaria. Den første store turneringa hans var fotball-EM i 2004, der han spelte alle Tyskland sine tre kampar, før dei rauk ut etter gruppespelet. I fotball-VM i 2006 gjekk det betre for Tyskland og Friedrich, som spelte alle Tyskland sine kampar, utanom bronsefinalen då han var skadd. I fotball-EM i 2008 var han i utgangspunktet reserve, men då Marcell Jansen vart skadd, spelte han frå start i den siste gruppekampen og alle dei tre gjenverande kampane. I fotball-VM i 2010 spelte han frå start til slutt i alle dei sju kampane, då Tyskland tok bronsemedalje. Han skåra det første landslagsmålet sitt i kvartfinalen mot Argentina, i det som var den 77. A-landskampen hans.