Arne Hjeltnes

norsk programleiar og forfattar

Arne Hjeltnes (fødd 9. august 1963 i Kristiansand) er ein norsk fjernsynspersonlegdom og forfattar som først og fremst er kjend som programleiar for «Gutta på tur»-konseptet saman med Bjørn Dæhlie, Vegard Ulvang og Arne Brimi som gjekk på TV 2 frå 1994.

Arne Hjeltnes

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. august 1963 (60 år)
Kristiansand kommune
Yrke politikar
Politisk parti Høgre
Arne Hjeltnes på Commons
Arne Hjeltnes under Gladmat 2014 i Stavanger
Foto: Jarle Vines

Som son av ein lege har han budd på ni ulike stader i Noreg, men vert nok først og fremst samanbunde med Voss grunna dialekten hans.

Hjeltnes har ein mindre eigarpost i Kagge forlag.

I ungdommen var Hjeltnes leiar i Voss Unge Høgre. Våren 2010 kom han tilbake til politikken som landsmøtevald medlem av sentralstyret til Høgre.

Bibliografi endre

  • Den sumaren eg fylte diesel (1993, 1998)
  • 549 tv-heltar frå Lille Rosin til Harry Klein (1994)
  • Utan mat og drikke (1995)
  • Når skaldyret vaknar (1995)
  • Turen går til utlandet (1996)
  • Gutta på tur (1997)
  • Gutta på tur (1999)
  • Mysterier fra fortiden (2001)
  • Guttas greatest (2001)
  • Barn – ingen hindring (2002), med Cathrine Gehrken
  • Yst! (2003)
  • En snømann går i land (2004)
  • Alt for Noreg, fagbok, Kagge Forlag (2006)
  • Ivar Nimme (2010)
  • Nye og gamle dikt i skjønn forening : 39 år med dikt, lyrikk, Kagge Forlag (2013)
  • Stupetårnet, roman, Kagge Forlag (2014)
  • Ein mann å halda i, lyrikk, Kagge Forlag (2015)

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre