Arne Larsen Økland

norsk fotballspelar

Arne Larsen Økland (fødd 31. mai 1954) er en tidlegare norsk fotballspelar frå Bømlo i Sunnhordland. Han var i mange år profesjonell fotballspelar i tysk og fransk fotball, og vert rekna som ein av dei beste spelarane på slutten av 1970-talet og starten av 1980-talet. Han spela 54 kampar og skåra 13 mål for det norske landslaget. Han var mellom anna med på sigrane over England i 1981, Italia i 1985 (der Økland skåra vinnarmålet) og Argentina i 1986.

Arne Larsen Økland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. mai 1954 (69 år)
Bømlo kommune
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Språk norsk
Arne Larsen Økland på Commons

Karriere endre

Økland starta si toppseriekarriere i Vard Haugesund i 1976. Sjølv om Vard rykte ned, hadde Økland ein vellukka sesong, med 11 seriemål og spel på landslaget. Året etter gjekk han til Bryne FK, som han hjelpte til seriesølv i 1980. Same år vart han proff i tyske Bayer Leverkusen.

Økland gjorde stor suksess i tysk fotball. Kort tid etter overgangen frå Bryne skora han hat-trick mot Bayern München i ein kamp som vert hugsa best fordi Økland vart kreditert eit fjerde mål, men var ærleg nok til å fortelja dommaren at ballen ikkje hadde vore inne. Økland var tre sesongar i den tyske klubben, der han skåra 43 mål på 101 seriekampar. Han var etter dette to år i franske Racing Club de Paris, før han kom attende til Bryne i 1985.

I si andre periode i Bryne hjelpte Økland klubben til sitt første, og til denne tid einaste, trofé då jærbuane vann cupen i 1987. Etter cuptriumfen la Økland opp som spelar. Han har seinare vore assistenttrenar for det norske landslaget og hovudtrenar i Viking FK. Han er no dagleg leiar for pizzakjeda Dolly Dimple's.

Bakgrunnsstoff endre

Leverkusen-who's who